Søknad om løyve etter forureiningslova- utslepp til sjø frå testing av Johan Castberg skipet i Klosterfjorden - Equinor Energy

Høringsfrist:
9. februar 2024 23.00
Lokalitet oppankringsstad i testperioden

Equinor Energy AS søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av ulike kjemikaliar og ureinsa avløpsvatn til Klosterfjorden frå testing av Johan Castberg skipet. 

Publisert 09.01.2024

Om saka

Equinor Energy AS søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av ulike kjemikaliar og ureinsa avløpsvatn til Klosterfjorden frå Johan Castberg i løpet av ein testperiode på 10 veker ("inshore-fasen") før skipet blir slept nordover til oljefeltet i Barentshavet med same namn.

Johan Castberg-inretninga, som er ein flytande produksjons- og lagerbåt, er tenkt forankra  i Klosterfjorden på omlag 59,76°N 5,60°Ø med eit vatndjup på om lag 370 m. Plasseringa ligg heilt innanfor Kvinnherad kommune, men berre om lag 1 km frå kommunane Sveio og Stord i Vestland og Vindafjord i Rogaland.

Testperioden er estimert til å starta i april 2024.

Utslippa til sjø består av:

  • SRU-kjemikaliar frå reingjering av reinsanleggets filter
  • Hypokloritt (klor) frå desinfisering av sjøvatn
  • Brannskum frå test av brannsløkkjingssystem
  • Avløpsvatn frå toalett, dusj, kjøkken og vaskerom
  • Slipestøv frå fjerning av fortøyningsbrakettar frå skroget ved hjelp av skjærebrenning og sliping.

Dei ulike utsleppa og kjemikalia er skildra i den vedlagde søknaden, som òg inneheld ei vurdering av miljørisiko for dei forventa negative effektane av utsleppa i vatnet i Klosterfjorden. Equinor skriv at dei ikkje forventar merkbare miljøkonsekvensar av dei planlagde utsleppa under inshore-fasen. Utslepp av kjemikaliar til sjø vil hovudsakleg skje med kjemikaliar som raskt brytast ned i naturen og difor ikkje vil bidra til generell forureining eller ha konsekvensar for lokale populasjonar.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast  
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/15468. Frist for å gje fråsegn er 9. februar 2024.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fu