Høyring av frivillig skogvern for Svanøya naturreservat i Kinn kommune

Høringsfrist:
15. februar 2024 23.59
kvinne sitter på stubbe og ser ut over skog i tåkelandskap
Det er store verneverdiar i skogane på Svanøy. Sidan årsnedbøren er høg og det er sjeldan mange minusgrader trivst den boreonemorale regnskogen her. Den husar mange sjeldne, truga og sårbare artar som ikkje kan leve andre stader. Foto: Stein Joar Hegland.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på verdifull norsk natur for framtida sender vi forslag om vern av Svanøya naturreservat i Kinn kommune på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 15. februar 2024.

Publisert 05.12.2023

Det føreslegne verneområdet på Svanøy er lokalisert på gards- og bruksnummer 113/1, 113/5, 114/1, 116/1, 117/1, 117/7 og 117/10 i Kinn kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar. I tillegg kjem teigen med gards- og bruksnummer 113/22, der Miljødirektoratet i dag står som eigar, men der det går føre seg eit makeskifte.

Høyringa gjeld eit areal med storleik på 5218 dekar. Høyringsdokument, framlegg til verneforskrift og kart over foreslått verneområde ligg til høgre i denne nettsaka.

skog med kratt i grøne nyansar
Rike edellauvskogar trivst godt på Svanøy. Her ser vi hassel som er eit edellauvtre. Det er mange lavartar som trivst godt på hasselstammen i disse varmekjære liene. Visste du at det er funne hassel i arkeologiske utgravingar frå steinaldertida? Det kan tyde på at menneske tok med seg hasselnøtter på sine lange vandringar, truleg som matpakke. Hassel vart i lange tider, også på Svanøy, hausta og brukt i produksjonen av tønneband. Foto: Ulrike Hanssen.

Vern av skog sikrar naturmangfald og karbonlagring for framtida

Gjennom behandling av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. Per januar 2023 var omlag 5,2 prosent av skogarealet og ca. 3,9 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Vi har litt over 3 prosent skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er viktig for å nå fleire miljømål vedtekne av Stortinget. Vern av skog er også positivt for langtidslagring av karbon i arbeidet mot klimaendringane. 

I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog, og regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Årets nyleg vedtekne statsbudsjett viser ei historisk høg satsing på skogvern i Noreg.

Grunneigarar tilbyr skog til vern i dialog med staten

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Det er Norskog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane, og som ivaretek interessene til grunneigarane. Ein stor del av Svanøy er aktuelt som naturreservat. Bruks- og verneplanen for Svanøy vil framleis vere aktuell for areal som ikkje inngår i verneområdet.

blader i skogslandskap
Kristtorn er ein art ein finn mange stadar på Svanøy, men er relativt uvanleg elles. Forskarar trur at kristtornslekta kan ha sitt opphav heilt tilbake for over 200 millionar år sidan. Kristtorn likar seg berre i område med mild vinter og varm sommar, og vi finn den langs store delar av kysten vår. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Seks av ti artar på fastlandet i Noreg treng skogen som levestad

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad.

Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Verneverdiane på Svanøy er særs høge, og her er potensiale for å restaurere 

Skogvernområdet dekkjer store delar av Svanøy, ei øy i Sunnfjord i Kinn kommune. Skogen ligg i eit variert landskap på rik berggrunn, som er noko av årsaka til den frodige og krevjande floraen på øya. I tillegg har den rike kulturhistoria på øya med få, større grunneigarar bidrege til at skogen har fått bli ordentleg gamal og verdifull.

Arealet grenser mot sjø på fleire sider av øya og det høgaste punktet på Vågsfjellet ligg på 235 moh. Få øyer mellom Bergen og Molde har liknande variert og rik skogdekning som Svanøy, og her er den best utvikla boreonemorale regnskogen nord for Sunnhordland. Området ligg i boreonemoral vegetasjonssone, i sterk oseanisk seksjon.

gamal skog fuktig
Gamal svartor-sumpskog er sjeldan i fylket og husar mellom anna den raudlista kystskriftlaven. Foto: Ulrike Hanssen.

Svanøy husar regnskog med ei rekkje raudlista artar

Svanøy har vore kartlagt fleire gonger gjennom tidene og skogen har alltid vore vurdert som ein biologisk «hotspot». Eit framtidig verneområde her vil inkludere 14 naturtypelokalitetar med mellom anna fattig og rik boreonemoral regnskog, rik edellauvskog, gammalskog av både boreal barskog og lauvskog, låglands- og kystfuruskog, samt ein lokalitet av gamal svartorsumpskog. Det finst ikkje tilsvarande skog med kombinasjon av denne storleiken, alder, berggrunn, variasjon og klima på Vestlandet, noko det høge talet av sjeldne, sårbare og truga artar er levande bevis for.

Noreg har eit særleg ansvar

Boreonemoral regnskog og rik edellauvskog er høgt prioriterte skogtyper å verne meir av i fylket vårt. Varmekjær kjeldelauvskog med svartor er svært sjeldan i fylket, men finnast innanfor tilbodsområdet. Skogen er gjennomgåande urørt og gamal, og det er stadvis mykje daud ved.

Ei rekke artar er registrert i området, og inkluderer den kritisk truga stiftpulselaven (CR), den sterkt truga stjernerurlav (EN), og mange andre artar på den norske raudlista. Sistnemnte lav har Svanøy som einaste levestad i Sogn og Fjordane, og er elles registrert i Sunnhordland, i Storbritannia og Nord-Amerika.

Noreg har eit særleg forvaltingsansvar for fleire av desse artane og naturtypane, då meir enn 25 % av den enkelte art/naturtype har ei vesentleg del av si naturlege utbreiing i Noreg. Sjå kartleggingsrapportane til høgre for oversikt over registrerte artar innanfor ulike delar av området.

Heimelsgrunnlag for skogvern

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat i § 37 er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, vurderer vi er mest aktuelt på Svanøy.

Austsida av Svanøy sett frå fugleperspektiv med grøne bøer og skog og eit oppdrettsanlegg i havet
Austenden av Svanøy sett frå fugleperspektiv, der ein ser både Storåsen nært på og Austneset stikkande fram midt i biletet. Garden Solhaug er synleg i venstre hjørne. Det er ein del gran i tilbodsområdet. Grana er i spreiing og trugar verneverdiane, men med status som naturreservat kan vi lettare setje inn tiltak for å sikre verneverdiane. Foto: Johan Trygve Solheim.

Det er mange brukarinteresser på Svanøy som vi ønskjer innspel på under høyringa

For å ta vare på dei sårbare naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet.

Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst, gruvedrift, sykling, større arrangement, plukking av ramslauk, med meir. I høyringsdokumentet som ligg til høgre i denne nettsaka ligg ei grundig utgreiing av alle brukarinteressene vi fekk innspel på etter oppstartsmeldinga. Vi ønskjer særleg å få tilbakemelding på desse temaene under høyringa: 

- skal verneområdet heite Svanøya naturreservat eller Svanøy naturreservat?

- arbeidet med rullering av kommunen sin arealplan

- potensiell prøvetaking og mineralutvinning i form av gruvedrift på kopar på Storåsen

Kartet syner oversikt over brukarinteressene for mineralutvinning. Raude punkt er registrerte aktsemdspunkt i form av gamle gruveopningar, jamfør innspelet til oppstartsmeldinga frå Direktoratet for mineralforvaltning. Den raude trekanten er ein registrert førekomst av kopar. Vi ønskjer meir kunnskap om denne førekomsten i høyringa og om det er aktuelt med gruveverksemd. Lilla skravert areal syner delar av kandidatområdet for skogvern. Kjelde: https://minit.dirmin.no/kart/

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil vi vurdere innspela og ta endeleg stilling i vår tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Det er mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Frist for å kome med innspel er 15. februar 2024.

I adresselista i høyringsbrevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.