Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø - etablering av Lesto næringsområde - Stad kommune

Høringsfrist:
19. januar 2024 23.00
Utfylling inkludert sikringsvoll og fyllingsfot, kjelde: Multiconsult

Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Lesto næringsområde i Moldefjorden, Stad kommune. Kystverket skal nytta overskotsmassar frå etablering av Stad skipstunnel. 

Publisert 07.12.2023

Om saka

Målet med utfyllinga er å etablera Lesto næringsområde i Moldefjorden, om lag 1,3 km frå vestre utløpet av Stad skipstunnel. I kommuneplanen for sjøareala er området sett av til næringsbygg/anlegg og fleirbrukkai, og det er krav om å utarbeide ei detaljreguleringsplan.

Sjøutfyllinga (sjå figuren over) dekkjer eit område på om lag 44 000 m2 med forventa behov for om lag 583 000 m3 masse. I reguleringsplanfasen er det avklart at det trengst tiltak framfor fyllingsfoten for delar av utfyllinga, og det er sett av om lag 45 000 m2 framfor fyllingsfoten for stabiliserande tiltak. Ein eventuell motfylling vil bestå av omlag 44 000 m3 tilførte massar, medan mudring vil føre til uttak av om lag 22 000 m3. Søknaden om løyve inkluderer miljøriskovurdering og forslag til avbøtande tiltak.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast  
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/6077. Frist for å gje fråsegn er 19. januar 2024.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.