Søknad om løyve etter forureiningslova - utfylling i sjø - etablering av Kjøde næringsområde - Stad kommune

Høringsfrist:
26. januar 2024 23.00
Planlagd utfylling med dimensjonar inkludert fyllingsfot, kjelde Multiconsult

Kystverket søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø for å etablere Kjøde næringsområde i Kjødepollen, Stad kommune. Kystverket skal nytta overskotsmassar frå etablering av Stad skipstunnel. 

Publisert 18.12.2023

Om saka

Målet med utfyllinga er å etablera Kjøde næringsområde i Kjødepollen, om lag 0,5 km frå østre utløpet av Stad skipstunnel. I kommuneplanen for sjøareala er området sett av til næringsbygg/anlegg og fleirbrukkai, og det er krav om å utarbeide ei detaljreguleringsplan. Planforslag har vore på høyring og er forventa godkjend vinteren 2024. 

Sjøutfyllinga (sjå figuren over) dekkjer eit område på om lag 43 000 m2 med forventa behov for om lag 627 000 m3 masse. I reguleringsplanfasen er det avklart at det truleg trengst stabiliserande tiltak framfor fyllingsfoten. Dette kan være mudring, støttefyling eller ein kombinasjon. Dette vært avgjord i detaljprosjekteringsfasen.

Søknaden om løyve inkluderer miljøriskovurdering og forslag til avbøtande tiltak.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast  
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/6077. Frist for å gje fråsegn er 26. januar 2024.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.