Søknad om utsleppsløyve for Kvassneset avløpsreinseanlegg i Alver kommune

Høringsfrist:
18. januar 2024 23.59

Alver kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Knarvik tettbygde område. Frist til å komme med innspel til høyringa er 18. januar 2024.  

Publisert 22.11.2023

Bakgrunn 

Avløpsvatnet frå Knarvik tettbygde område vert i dag ført til fleire mindre slamavskiljarar og silanlegg. Desse anlegga overheld ikkje reinsekrava i forureiningsforskrifta. I tillegg går store delar av avløpsvatnet frå sentrumsbusetnaden i Knarvik i dag ureinsa til utslepp utanfor Kvassneset. Dei samla tilførslane til avløpsanlegga svarar til om lag 7500 personekvivalentar (pe), og Alver kommune er forureiningsstyresmakt for avløpsanlegga. 

Alver kommune er i gang med å planlegge eit nytt kommunalt reinseanlegg på Kvassneset i Knarvik. Anlegget skal handtere alt avløpsvatn frå Knarvik tettbygde område, og skal erstatte dei eksisterande reinseanlegga i området. Avløpsanlegget skal dimensjonerast for 15 000 pe for å kunne handtere forventa vekst i folketalet i området. Statsforvaltaren er styresmakt for utslepp større enn 10 000 pe til sjø, og vil difor vere styresmakt for det nye reinseanlegget. 

Samandrag av søknaden 

Det nye reinseanlegget er planlagt plassert på Kvassneset i Knarvik, sjå figur 1 under. Det er søkt om reinsekrav tilsvarande sekundærreinsing i samsvar med forureiningsforskrifta. Utsleppa frå reinseanlegget vil førast til ytre del av Osterfjorden utanfor Knarvik på ca. 60 meters djupne.  

Med utgangspunkt i spreiingsutrekningar og informasjon om resipientens miljøtilstand i dag, er det i søknaden vurdert at utsleppa ikkje vil medføre redusert økologisk tilstand i Osterfjorden. På bakgrunn av luktspreiingsutrekningar for planlagt plassering av reinseanlegget, er forventa luktverknader ved næraste bustad også vurdert som låge og akseptable i søknaden. 

kart med raud stjerne
Figur 1: Planlagt plassering av reinseanlegget er vist med raud stjerne. Foto: Kartutsnitt frå Fylkesatlas.

Offentleg ettersyn 

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 18. januar 2024. Merknadar til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller sende per post til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2021/2246. 

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. 

Høringsfrist:
18. januar 2024 23.59

Kontaktpersoner

Personekvivalenter

Personekvivalenter (pe) er eit uttrykk frå kommunalteknikk og er eit uttrykk for kapasitet og  belastning i vannforsyning, kloakkanlegg og avløpsreinsing. 

Personar har ein del av sitt forbruk av vatn og bidrag av avløp der dei bur, og ein del på jobb eller skule. Difor reknast ein bebuar som 0,8 pe, medan ein arbeidsplass eller elev reknast som 0,2 pe. 

Ein personekvivalent svarar til den forureiningsmengda som blir produsert av ein person per døgn.