Søknad om endra løyve etter forureiningslova - anleggsarbeid i sjø - Bømlo fiskerihamn

Høringsfrist:
11. desember 2023 23.00
Utklipp frå kart over heile tiltaksområdet. Det omsøkte dumpeområdet er vist med oransje farge.

Vestland fylkeskommune er i gong med å etablere Bømlo fiskerihamn og søkjer om endra løyve til undervassprengning av inntil 8 100 fm3. 

Publisert 10.11.2023

Om saka

Norconsult har i søknad datert 3. november 2023 vurdert korleis arbeida kan utførast slik at risiko for at lydtrykk frå undervasssprengning ikkje vil gje negativ påverknad ved dei fire oppdrettslokalitetane som ligg i ein radius på opp mot 3,4 km frå anleggsstaden. Dette er beskiven i detalj i vedlagte søknad. 

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/17640. Frist for å gje fråsegn er 11. desember 2023. Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.