BIR Bedrift AS på Lønningshaugen i Bergen søkjer om å utvide mottak av kjøkken- og matavfall

Høringsfrist:
11. desember 2023 23.59

Dei har løyve idag til mottak av 3000 tonn matavfall og søkjer no om å utvide mengda matavfall dei tek imot frå stor- og småhushaldningar til 8000 tonn/år. 

Publisert 08.11.2023

Om søknaden

Matavfall skal i aukande grad utsorterast, og i den samanheng søkjer bedrifta om å kunne auke mengden matavfall som vert omlasta ved anlegget på Lønningshaugen. BIR Bedrift AS søkjer om å kunne ta imot 8000 tonn/år våtorganisk næringsavfall for omlasting. 

Luktvurderingar

Det er gjennomført ei luktrisikovurdering i samband med at BIR Bedrift AS søkjer om å kunne auke mottakskapasiteten for omlasting av våtorganisk næringsavfall. Luktrisikovurderinga ligg vedlagt. 

Omlastingshall

Det skal i samband med auka mengde matavfall lagast ein omlastingsstasjon med luktreinsing for å sikre at eventuell auka luktbelastning vert teke omsyn til. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/5931. Frist for å gje fråsegn er 11. desember 2023.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.