Vi startar verneprosess for Svanøy naturreservat i Kinn

Høringsfrist:
1. november 2023 23.59
barn i skogslandskap
I samarbeid med grunneigarane startar vi prosessen for å etablere eit naturreservat på delar av Svanøy etter prosedyre for frivillig skogvern. På biletet ser vi blåbærplukking med utsyn over Kvalstadvatnet, Kvalstadmyrane og Vågsfjellet med kystlandskapet i Florabassenget i horisonten. Skogane på Svanøy har uvanleg høg artsrikdom og det har nasjonal betyding at vi no er i gang med verneprosess av denne unike naturen. Foto: Maria Knagenhjelm.

Det er uvanleg mykje "gull" i dei grøne skogane på Svanøy i Kinn kommune, og etter dialog med grunneigarane er vi glade for å kunne starte arbeidet med  skogvern på delar av øya. Du er velkommen til å sende innspel til oppstartsmeldinga innan 1.november 2023.

Publisert 29.09.2023

Etter dialog med grunneigarane og Norskog melder vi formell oppstart av skogvernprosess på Svanøy i Kinn kommune. Vi ønskjer med dette å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.

Tilbodsområdet på Svanøy er lokalisert på gards- og bruksnummer 113/1, 113/5, 114/1, 116/1, 117/1, 117/7 og 117/10 i Kinn kommune. Arealet er eigd av private grunneigarar som har signert tilbod om vern av eigedom som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. I tillegg kjem teigen med gards- og bruksnummer 113/22, der Miljødirektoratet i dag står som eigar. Vi melder oppstart av verneprosess for eit areal med storleik på 5218 dekar. Du finn kart over arealet vi melder oppstart på til høgre. 

skog med kratt i grøne nyansar
Rike edellauvskogar trivst godt på Svanøy. Her ser vi hassel som er eit edellauvtre. Det er mange lavartar som trivst godt på hasselstammen i disse varmekjære liene. Visste du at det er funne hassel i arkeologiske utgravingar frå steinaldertida? Det kan tyde på at menneske tok med seg hasselnøtter på sine lange vandringar, truleg som matpakke. Hassel vart i lange tider, også på Svanøy, hausta og brukt i produksjonen av tønneband. Foto: Ulrike Hanssen.

Ein uvanleg rik og verdifull skog

Tilbodsområdet dekkjer store delar av skogen på Svanøy, ei øy i Sunnfjord i Kinn kommune. Skogen på Svanøy ligg i eit variert landskap på rik berggrunn, som er noko av årsaka til den frodige og krevjande floraen på øya. I tillegg har den rike kulturhistoria på øya med få, større grunneigarar bidrege til at skogen har fått bli ordentleg gamal og verdifull.

Arealet grenser mot sjø på fleire sider av øya og det høgaste punktet på Vågsfjellet ligg på 235 moh. Få øyer mellom Bergen og Molde har liknande variert og rik skogdekning som Svanøy, og her er den best utvikla boreonemorale regnskogen nord for Sunnhordaland. Området ligg i boreonemoral vegetasjonssone, i sterk oseanisk seksjon.

blader i skogslandskap
Kristtorn er ein art ein finn mange stadar på Svanøy, men er relativt uvanleg elles. Forskarar trur at kristtornslekta kan ha sitt opphav heilt tilbake for over 200 millionar år sidan. Kristtorn likar seg berre i område med mild vinter og varm sommar, og vi finn den langs store delar av kysten vår. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Regnskog med ei rekkje raudlista artar

Tilbodsarealet inkluderer 14 naturtypelokalitetar med m.a. fattig og rik boreonemoral regnskog, rik edellauvskog, gammalskog av både boreal barskog og lauvskog, låglands- og kystfuruskog, samt ein lokalitet av gamal svartorsumpskog. Det finst ikkje tilsvarande skog med kombinasjon av denne storleiken, alder, berggrunn, variasjon og klima på Vestlandet, noko det høge talet av sjeldne, sårbare og truga artar er levande bevis for.

Boreonemoral regnskog og rik edellauvskog er høgt prioriterte skogtyper å verne meir av i fylket vårt. Varmekjær kjeldelauvskog med svartor er svært sjeldan, men finnast innanfor tilbodsområdet.

gamal skog fuktig
Gamal svartor-sumpskog er sjeldan i fylket og husar mellom anna den raudlista kystskriftlaven. Foto: Ulrike Hanssen.

Noreg har eit særleg ansvar

Ei rekke artar er registrert i området, og inkluderer den kritisk truga stiftpulselaven (CR), den sterkt truga stjernerurlav (EN), og andre artar på den norske raudlista. Sistnemnte har Svanøy som einaste levestad i Sogn og Fjordane, og er m.a. også registrert i Sunnhordaland, Nord-Amerika og i Storbritannia.

Norge har eit særleg forvaltingsansvar for fleire av disse artane og naturtypane, då meir enn 25 % av den enkelte art/naturtype har ei vesentleg del av si naturlege utbreiing i Noreg. Svanøy ligg i kjerneområdet for fattig boreonemoral regnskog, ei truga naturtype som Noreg har eit spesielt ansvar for. Føremålet med naturreservatet vil vere å ta vare på denne trua, sjeldne og sårbare naturen for framtida.

Svanøy dekker viktige manglar i skogvernet i Noreg

Vi vurderer Svanøy til å oppfylle viktige manglar i skogvernet i Noreg knytt til raudlista artar og naturtypar. I tillegg til at området har låglandsskog, biologisk gamal skog, skog på høg bonitet og med større samanhengjande område i eit økologisk nettverk av regnskogslokalitetar. Det er høg kontinuitet i skogen på Svanøy, og det er stadvis mykje daud ved. Med grunnlag i mangelanalysane for skogvern (Fremstad m.f. 2002, 2003, 2010) så dekker tilbodsområdet godt opp viktige manglar i skogvernet. Meir informasjon om kunnskapsgrunnlaget, inkludert Skoganalyse og biologiske rapportar, kan ein lese til høgre i denne nettartikkelen. 

lav på trestamme
Mens regnskogen i Amazonas har karismatiske artar som jaguar, flodsvin og arapapegøye har vi mange spennande artar i norske regnskogar også. Det er eit stort tal sjeldne og truga lavartar i skogane på Svanøy. Kjenner du til stjernerurlav, gul pærelav eller kystprikklav? Desse er like viktige å ta vare på som dei meir karismatiske artane i Amazonas, og i samarbeid med grunneigarane kan desse artane gå framtida litt tryggare i møte. Foto: Geir Gaarder.

Mål om 10 % vern av skogen i Vestland

Det er ei nasjonal målsetjing om å redusere tap av naturmangfald, og då er skogvern ein viktig nøkkel. Vi veit at 60 % av dei raudlista landlevande artane våre treng gamalskog for å overleve. Difor har regjeringa ei langsiktig målsetjing om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med dryge 3 prosent av skogen i fylket verna per i dag, er vi enno langt unna dette målet i Vestland. Med eit vern av den verdifulle skogen Svanøy vil vi komme litt nærmare målet.

Kva betyr det at eit område vert verna?

For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne tilbodsområdet på Svanøy som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane innanfor vernegrensene.

Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst, bygging av nye anlegg og slike inngrep. Grunneigar vil framleis ha rett til å ha beitedyr på beite, utøve jakt og fangst. Ålmenta vil framleis kunne nytte området til enkelt friluftsliv, plukking av bær og matsopp. Turstiar som er i området skal kunne haldast opne. Tekniske anlegg som master og jakttårn, samt kulturminne kan også haldast ved like.

På Svanøy er det tradisjon for å plukke ramslauk, og dette kan fint gå føre seg utanfor vernegrensene. I utkastet til verneforskrift som ligg til høgre i denne nettsaka kan du lese alle vernereglane som vi vil ha innspel på.

Austsida av Svanøy sett frå fugleperspektiv med grøne bøer og skog og eit oppdrettsanlegg i havet
Austenden av Svanøy sett frå fugleperspektiv, der ein ser både Storåsen nært på og Austneset stikkande fram midt i biletet. Garden Solhaug er synleg i venstre hjørne. Det er ein del gran i tilbodsområdet. Grana er i spreiing og trugar verneverdiane, men med status som naturreservat kan vi lettare setje inn tiltak for å sikre verneverdiane. Foto: Johan Trygve Solheim.

Innspel og vidare framdrift

Det er ønskjeleg med innspel til oppstartsmeldinga slik at prosessen og ulike tema kan bli så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert av oss, vil vi sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring. I høyringsdokumentet vil vi omtale dagens bruk av tilbodsområdet meir detaljert.

Send innspel til oppstartsmeldinga med brev til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 1. november 2023.

Vi har også ei eiga temaside med lenkje her om frivillig skogvern med generell informasjon om ordninga. 

Oppstartsbrevet, kartavgrensing og utkast til verneforskrift finn du til høgre i denne nettsaka.