Jordtippen AS søkjer om etablering av avfallsanlegg i Marikoven

Høringsfrist:
10. november 2023 23.59

Jordtippen AS søkjer om etablering av anlegg for sortering, vasking og lagring av reine og forureina massar og avfall i Marikovvegen 50, Askøy kommune.

Publisert 02.10.2023

Avfallstypar, mengder og aktivitetar

Det er søkt om å ta imot inntil 350 000 tonn per år, og samtidig lagring av inntil 31 800 tonn. Avfallet skal lagrast i opp til 10 meter høgd.  Søknaden gjeld mottak, behandling og lagring av rein og forureina jord og muddermassar, betong, tegl, takstein, keramikk og asfalt. Målet er å gjenvinne mest mogeleg av desse massane. Søknaden omfattar også mottak og lagring av 20 000 tonn jord og muddermassar som er farleg avfall, og samtidig lagring av inntil 5 000 tonn av slike massar.

Aktivitetane vil omfatte knusing, solding, sortering og vasking i fleire trinn, lagring, tipping og lasting på bil og båt. Eit vaskeanlegg for jordmassar vil vere ein viktig del anlegget. Vaskeanlegget vil vere dimensjonert for å vaske 200 tonn per time. Det er søkt om normal driftstid mellom kl 0700 og 1900.

Støy

Det er utarbeidd støyrapport som ein del av søknaden. Næraste og mest berørte naboar er bustader sør og vest for anlegget. Det er ca. 10 meter til næraste bustad i sør, og 50-100 m til næraste bustad i vest. Det er også støyutsette bustader mot nord, ca. 250 meter unna i luftlinje, der dei fleste har siktlinje til kaiområdet. Anlegget kan gje støy over grenseverdiar i nokre driftssituasjonar, og i rapporten står det at det er sannsynleg at det vil kome klagar på støy frå naboane. Det er laga støykart som viser utbreiing av støy i ulike driftssituasjonar, og tiltak for å redusere støy er omtalt.

Utslepp til vatn

All sortering, solding, knusing og vasking skal skje på betongdekke med tak, og avrenning skal gå til tette tankar. Nokre lagerområde vil vere ute.

Vatn frå alle uteområde skal førast til vassbehandlingsanlegget og vidare til jordvaskeanlegget. Vatn som blir nytta i vaskeprosessen skal gå gjennom vassbehandlingsanlegg i lukka system, og søkjar opplyser at det ikkje vil vere utslepp av forureina vatn frå anlegget til resipient under normal drift. Når vaskeanlegget ikkje er i drift kan oppsamla vatn inkludert overflatevatn i visse situasjonar bli slept ut i Byfjorden. Ved vedlikehald av vassbehandlingsanlegg er det opplyst at inntil 500 kubikkmeter forureina prosessvatn kan bli ført til Byfjorden.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2022/17701. Frist for å gje fråsegn er 10. november 2023.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Høringsfrist:
10. november 2023 23.59