Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova - undervassprenging Westcon Yard Florø

Høringsfrist:
20. november 2023 23.00
Område utanfor den nye dokken der det skal sprengjast vis med raud farge

Westcon Yard Florø skal byggje ny tørrdokk ved siden av dagens tørrdokk og det krevs anleggsarbeid i sjø.  

Publisert 23.10.2023

Om saka

For å oppnå rett seglingsdjupne må dei sprengje ca 4 000 m3 fjell i sjøen over 500 m2 sjøbotn. Utsprengte massar skal lastas på splittlekter og slepast til utfylling på Fjord Base AS sitt område ved Persholmen. 

Sjøbotn der det skal sprengjast er undersøkt og består av grus og stein over fast fjell. 

Westcon opplyser i oppdatert framdriftsplan for arbeida (datert 19. oktober 2023) at opplasting av lausmasser i sjø er estimert til 15 dagars arbeid og at sprenging og opplasting av strengt stein er estimert til 20 dagar. Arbeida er anteke vert utført i perioden januar til mars 2025.

Kva regulerer eit løyve til anleggsarbeid?

Løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast  og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/3787. Frist for å gje fråsegn er 20. november 2023.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.