Vi startar arbeidet med forvaltningsplan for Hestad landskapsvernområde i Sunnfjord kommune

Høringsfrist:
1. september 2023 23.59
Ei rekkje med tre langs ei vassflate.
Ein forvaltningsplan skal klargjere vernereglane slik at forvaltninga av verneområdet kan bli meir føreseieleg for alle partar. No set vi i gang med arbeidet med å lage ein forvaltningsplan for Hestad landskapsvernområde i Sunnfjord. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Føremålet med verneområdet er å verna det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne. No skal vi lage ein forvaltningsplan for området, og du kan sende innspel innan 1. september. 

Publisert 16.06.2023

Hestad landskapsvernområde vart oppretta i 1971 og ligg i Sunnfjord kommune. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt for landskapsvernområdet og set no i gang arbeidet med å skrive ein forvaltningsplan. 

Kva er ein forvaltningsplan?

Ein forvaltningsplan skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane. Forvaltningsplanar blir utarbeidde innanfor rammene av vernereglane. Den skal både fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene og bidra til å gjere det meir føreseieleg for folk som t.d. ønskjer å søkje om å gjennomføre eit tiltak eller ein aktivitet innanfor vernegrensa.

Ein forvaltingsplan er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området.

Kva er føremålet med vernet og korleis vil planprosessen gå føre seg? 

Føremålet med oppretting av Hestad landskapsvernområde er omtalt slik i verneforskrifta: «Føremålet er å verna det særmerkte i eit vakkert naturlandskap som ramme om eit kulturminne.»

Vi vil leggje til rette for ein open prosessen i arbeidet med forvaltningsplan for landskapsvernområdet. Det vil vere gode høve for å kome med innspel for alle som ønskjer det. Vi vil samarbeide med Sunnfjord kommune, grunneigar, rettshavarar og organisasjonar gjennom prosessen.

Det kan vere aktuelt å arrangere opne møte som ein del av høyringa av framlegget til forvaltningsplan.

Hestad landskapsvernområde har store allmenne interesser

Det er store allmenne interesser knytt til landskapsvernområdet, samstundes som det er store naturverdiar i området. Spesielt for Hestad landskapsvernområdet er Hestad kapell og kyrkjegarden innanfor vernegrensa.

Fv 610 går også gjennom landskapsvernområdet, med ein nyleg etablert rasteplass i Nasjonal Turistveg sin regi. Det er mykje bruk av området særleg om sommaren på varme sommardagar med badeliv. Rett ved landskapsvernområdet i nord ligg Hestadgrend bedehus.

Ein veg går langs ei rekkje med tre, og foran ligg eit kapell innanfor ein mur.
Det er mange brukarinteresser i Hestad landskapsvernområde. Området er brukt til rekreasjon og friluftsliv, og det er m.a. eit kapell og fleire kulturminne i området. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Kva kunnskap og rammer ligg til grunn for planprosessen? 

Kunnskapsgrunnlaget om naturmangfaldet i landskapsvernområdet kunne vore betre og difor skal Miljøfaglig Utredning gjere ei artskartlegging i landskapsvernområdet sommaren 2023.  Vi vurderer kunnskapsgrunnlaget til å vere godt nok for gjeldande bruk og skjøtsel. 

Verneforskrifta for Hestad landskapsvernområde er frå 1971, og er ikkje oppdatert i høve til standard for landskapsvernområde i dag. Oppdatering av verneforskrifta er ein lang prosess, og oppdatering av verneforskrifter for landskapsvernområde er ikkje prioritert nasjonalt i dag.

Nytt sidan opprettinga i 1971 er naturmangfaldlova frå 2009 med ein generell dispensasjonsheimel (§ 48 i naturmangfaldlova). Denne gjeld også for Hestad landskapsvernområde, og gjev etter vårt syn både tilstrekkeleg vern og naudsynt fleksibilitet for å få til ei god forvaltning av Hestad landskapsvernområde.

Sjå dokument til høgre i denne artikkelen om verneforskrifta for Hestad landskapsvernområde og § 48 i naturmangfaldlova. For eigartilhøve og grenser for verneområde sjå meir omtale av dette i oppstartsbrevet som ligg ved denne artikkelen. 

Vidare framdrift

Vi vil innarbeide innkomne innspel til denne oppstartmeldinga så langt som mogleg innanfor ramma av verneforskrifta. Vi vil så sende eit framlegg til forvaltningsplan for Hestad landskapsvernområde på høyring, noko vi planlegg skal skje hausten 2023.

Etter høyringa vil fråsegner til framlegget til forvaltningsplan bli innarbeidd så langt det let seg gjere, og forvaltningsplanen vil då kunne vere ferdig godkjend kring årsskiftet 2023/2024.

Vi ber om innspel til arbeidet med forvaltningsplanen innan 1. september 2023.

Ta gjerne kontakt!