Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om løyve til slakting av laks og aure i Langevågen på Bømlo

Høringsfrist:
1. juli 2022
Kart over vassinntak og utsleppsleidning for prosessavløpsvatn
Kart over vassinntak og utsleppsleidning for prosessavløpsvatn

Hardanger Fiskeforedling AS søkjer om utsleppløyve etter forureiningslova til oppgradering av eksisterande slakteri for laks og aure i Langevåg Fiskerihamn i Bømlo kommune. 

Publisert 31.05.2022

Bakgrunn for saka

Hardanger Fiskeforedling AS, som no er lokalisert i Strandebam, og Espevær Laks AS har fusjonert til selskapet Hardanger Fiskeforedling AS. Det nye selskapet har planlagt å oppgradere det eksisterande slakteriet på lokaliteten til Espevær Laks AS på Langevåg i Bømlo kommune.

Verksemda søkjer om løyve til å ta imot, slakte, filetere og pakke inntil 65 000 tonn laks og aure per år. Produksjonskapasiteten vil overstige 75 tonn/døgn og verksemda vil difor verte omfatta av EU sitt industriutsleppsdirektiv (IED). Dette fører med seg at produksjonen vert underlagd dei bindande utsleppsgrensene som er fastsette i dei såkalla BAT-konklusjonane som gjeld for næringsmiddelproduksjon. Desse utsleppsgrensene vert gjort gjeldande seinast 4. desember 2023. Verksemda søkjer om dispensasjon frå desse utsleppsgrensene fram til denne datoen.

Prosessavløpsvatnet, inkludert vaskevatn frå produksjonen, skal reinsast ved grov- og finfiltrering og desinfiserast med klor før utslepp frå nytt utsleppspunkt på 120 meters djupne på nordaustsida av Store Bleikjo, om lag 640 meter nord for dagens utsleppspunkt. Naturmangfaldet ved det nye utsleppspunktet er kartlagt med tilhøyrande vurdering av verdi og konsekvens. Det er også utført straummålingar ved utsleppspunktet.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta ligg føre som to samledokument til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/7975. Frist for å gi fråsegn er 1. juli 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.