Greenergy AS søkjer om løyve til å handtere avfall på Hjetland industripark i Høyanger kommune

Høringsfrist:
8. april 2022 23.59

Greenergy AS søkjer om løyve til å ta imot, mellomlagre og behandle katodestål på Hjetland industripark i Høyanger kommune. Formålet med aktiviteten er å gjenvinne metallet frå avfallet.

Publisert 18.03.2022

Søknaden

Bedrifta søkjer løyve til å mellomlagre og behandle 4000 tonn årleg, med ei maksimal lagringsmengde på 1000 tonn. Katodane blir leverte til anlegget med lastebil og skal deretter delast opp og separerast for å gjenvinne metallfraksjonane. All behandling vil skje innandørs. Det er søkt om lagring både inne og ute.

Lenke til søknadsdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Offentleg ettersyn

Sjå heile søknaden på høgre side. Høyringsfristen er 8. april 2022. 

Merknadar til søknaden kan sendast i brev til Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller som e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no . Merk ein eventuell epost med referansenummer 2021/10155

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttalar vert ikkje vurderte.