Høyring av frivillig skogvern for Skolten naturreservat i Gulen

Høringsfrist:
1. august 2021 23.59
Vestnorsk regnskog er ein naturtype som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på. Her trivst artar i det milde og våte vêret som ikkje kan overleve på tørrare stader.
Vestnorsk regnskog er ein naturtype som vi har eit særleg ansvar for å ta vare på. Her trivst artar i det milde og våte vêret som ikkje kan overleve på tørrare stader. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke sender vi ut framlegg til frivillig skogvern av Skolten, tidlegare omtalt som Brosvikvatnet, som naturreservat. Du er velkommen til å sende innspel i høyringsfasen innan 1. august 2021.

Publisert 01.06.2021

Tilbodsområdet ligg i ei vestvendt li mellom innsjøen Brossvikvatnet og fjellområdet
Lifjellet/Brossviksåta på sørsida av Sognefjorden, nær Sognesjøen og havet i vest. Det føreslegne verneområdet er lokalisert på gards- og bruksnummer 8/1, 8/2 og 8/3 i Gulen kommune. Arealet er eigd av tre ulike private grunneigarar. Dei har underskrive tilbod om vern av eit areal med storleik på 1481 dekar som naturreservat. Kart med framlegg til vernegrenser og vernereglar ligg til høgre i denne artikkelen.

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald Meld. St. 14 (2015-2016), vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. I 2020 var om lag 5,0 prosent av skogarealet og om lag 3,8 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Til årsskiftet 2021 runda vi 3 prosent skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange andre miljømål vedtekne av Stortinget. I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog, og Regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det har vore sett av nær ein halv milliard kroner per år dei to siste åra til skogvern over statsbudsjettet, noko som syner at dette blir høgt prioritert av Stortinget.

Frivillig skogvern

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern kor staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane, og som ser til at interessene til grunneigarane blir varetekne. 

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som følgje av utbygging og skogbruk er blant viktige faktorar. Difor er det å ta vare på levestadane til artsmangfaldet i skogen blant dei viktigaste tiltaka vi kan gjere for å sikre vestlandsnaturen for framtida.

Biletet frå Flategilet er innanfor det føreslegne verneområdet og syner ei bekkekløft. Det er ein naturtype med jamn fuktigheit i lufta der særleg kravfulle artar trivst på bergvegger og langs vassvegen. Bekkekløfter er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Flategilet vil bidra til å få betre vernet av denne naturtypen.
Biletet frå Flategilet er innanfor det føreslegne verneområdet og syner ei bekkekløft. Det er ein naturtype med jamn fuktigheit i lufta der særleg kravfulle artar trivst på bergvegger og langs vassvegen. Bekkekløfter er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Flategilet vil bidra til å få betre vernet av denne naturtypen. Foto: Biofokus/ Jon T. Klepsland.

Verneverdiar på Skolten

Den vestlege lia langs Brosvikvatnet har god topografisk variasjon og fleire naturtyperegistreringar. Eit framtidig naturreservat her vil kunne dekkje manglar i skogvernet i Vestland med bekkekløfter, kystfuruskog og boreonemoral blandingsskog. Noko vestnorsk regnskog ligg også innanfor føreslegen vernegrense. Verneverdiane er knytt, mellom anna, til gamal kystfuruskog med høg alder i sterk oseanisk seksjon (verdi B). I kystbekkekløfta (verdi B) i Flategilet opptrer gode førekomstar av uvanlege og krevjande artar som flommose/flaummose (nær truga art). Det er også gamal lavlandsblandingsskog (verdi B) med påviste raudlista artar i det føreslegne naturreservatet. I det sørvestre hjørnet inkluderer arealet ein del av ein A-lokalitet med fattig boreonemoral regnskog. Her er den nær truga arten skoddelav funnen innanfor det føreslegne verneområdet. Størstedelen av denne lokaliteten av den vestnorske regnskogen ligg utanfor tilbodsområdet, der grunneigar har takka nei til frivillig skogvern.

Det er relativt produktiv furu-blandingsskog i området, der større delar har høg bonitet. Meir informasjon om verneverdiane og dei raudlista artane som er registrerte, kan du få på Narin-basen, på Naturbase eller via heimesidene våre. Sjå utvalde lenkjer til høgre. 

Heimelsgrunnlag

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, blir foreslått brukt for Skolten.

Konsekvensar av vernet 

For å ta vare på dei sårbare naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om området som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37 a. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fangst og ålmenta generelt for sanking av matsopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like.

Brukarinteresser 

Det er i dag beite frå storfe i det sentrale området av det føreslegne naturreservatet. Tidlegare var det også småfe, og grunneigar vurderer å starte opp att med det på sikt. Forskrifta opnar for beiting med beitedyr og utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har også ei opning for å kunne halde gjerde ved like og for å søkje om oppsetting av nye gjerde i samband med husdyrhaldet. Det er ingen skogsbil- eller traktorvegar inn i tilbodsområdet, men ein veg deler det føreslegne naturreservatet i to delar i nord. Den nordaustlege delen av verneområdet dekkjer bekkekløfta Flategilet. 

Frå tilbodsområdet som grunneigarane ønskjer verna kan ein sjå heilt ut i havet. Den vestvendte lia ved sidan av Brossvikvatnet har vestnorsk regnskog og gamal lavlandsblandingsskog med fleire artar på den norske rødlista.
Frå tilbodsområdet som grunneigarane ønskjer verna kan ein sjå heilt ut i havet. Den vestvendte lia ved sidan av Brossvikvatnet har vestnorsk regnskog og gamal lavlandsblandingsskog med fleire artar på den norske rødlista. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Det er ikkje registrert kulturminne i Skolten i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan være kulturminne i området. Desse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Det er fråvêr av hytter, installasjonar og anlegg i det føreslegne naturreservatet. Det er heller ikkje kraftliner eller utbygde vasskraftverk. I nord-aust er det kartlagt eit digitalt småkraftverk innanfor det føreslegne verneområdet. Det har eit potensial på 0,93 GWh/år til ein utbyggingspris på 7,04 NOK/år (2020-prisar). NVE skriv i si uttale til oppstartsmeldinga at potensialet er lite lønsamt samanlikna med andre vind- og vasskraftprosjekt som har fått konsesjon, og som ikkje har blitt utbygd.  

Det føreslegne verneområdet ligg delvis innanfor ein planlagd vindkraftpark med namn Brosviksåta vindkraftverk, og er eigd av Statkraft Vind Utvikling DA. NVE skriv i si uttale til oppstartsmeldinga at SAE Vind DA trekte prosjektet i brev datert 27.04.2014, og vindkraftparken vil difor ikkje vere i konflikt med oppretting av eit naturreservat.

Dei som nyttar det føreslegne naturreservatet mest er lokale kjentfolk. Stiane i området vert haldne ved like av beitedyr, grunneigarar og jegerar, og området har ikkje registrerte stiar i offentlege kartdatabasar. Leigejegerar nyttar området kvar haust til hjortejakt, og elles er det lite anna friluftsliv. Det er i verneforskrifta opna for å brenne bål med nedfallskvist eller med medbragt ved. Hjortestammen er ikkje større enn at vi observerte forynging av t.d. osp. Grunneigar kan halde siktelinjer opne ved å fjerne kvist og småbusk i samband med jakta, og kan setje opp mellombelse mobile jakttårn ved behov.

Når det gjeld namn på verneområdet var det opphavlege arbeidsnamnet Brosvikvatnet med ein «s». På offisielle kart heiter vatnet Brossvikvatnet med to s’ar, det same med Brossviksåta og Brossvikbotn, med fleire liknande stadnamn med to s’ar i første del. Namnet på vatnet vart opphavleg lagt til grunn for skogreservatet. Fordi det er skog som er sentralt for verneplanen og ikkje verneverdiar knytt til vatn, og fordi det ikkje er større delar av liene rundt vatnet som ligg inne i det føreslegne verneområdet, vel vi å følgje Språkrådet si tilråding å heller bruke namnet Skolten naturreservat. Skolten er ein markant og lett synleg fjellnakke sentralt inne i det føreslegne naturreservatet. Det er heller ingen andre naturreservat eller verna området som ber namnet Skolten frå før. Grunneigarane støttar namneendringa.

Etter innspel frå Språkrådet og etter drøfting med grunneigarane foreslår vi å endre namnet frå Brosvikvatnet til Skolten naturreservat. Skolten er ein markant fjellnakke sentralt i verneområdet. Frå toppen av Skolten kan ein sjå ut til havet.
Etter innspel frå Språkrådet og etter drøfting med grunneigarane foreslår vi å endre namnet frå Brosvikvatnet til Skolten naturreservat. Skolten er ein markant fjellnakke sentralt i verneområdet. Frå toppen av Skolten kan ein sjå ut til havet. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Innspel til oppstartsmeldinga 

Vi melde offisiell start av vernearbeidet den 13. april 2021. Av dei ni innspela som kom etter oppstartsfasen var ingen av desse kritiske til opprettinga av Brosvikvatnet, no Skolten, som naturreservat. Les meir om innspela og våre svar i høyringsdokumentet som ligg til høgre i denne artikkelen. 

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med høyringsinnspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa ligg føre, vil Statsforvaltaren vurdere desse og ta endeleg stilling i si tilråding av vern ved oversending til Miljødirektoratet. 
 
Du er velkomen til å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Frist for å kome med innspel er 1. august 2021.  

I adresselista i høyringsbrevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar burde få høyringa, ber vi om tilbakemelding på dette.