Høyring av forvaltningsplan for Vingen landskapsvernområde

Høringsfrist:
15. august 2021 23.59
Vingen landskapsvernområde ligg veglaust til i Bremanger. Området er både freda etter naturvernlova og kulturminnelova. No ligg forvaltningsplanen ute på høyring, og du kan sende innspel til planprosessen innan 15. august.
Vingen landskapsvernområde ligg veglaust til i Bremanger. Området er både freda etter naturvernlova og kulturminnelova. No ligg forvaltningsplanen ute på høyring, og du kan sende innspel til planprosessen innan 15. august. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Vingen ligg i Bremanger og er kjent for sitt vakre naturlandskap med helleristningar. Vi legg fram forslag til forvaltningsplan for landskapsvernområdet på høyring, og ønskjer innspel velkomen innan 15. august 2021. 

Publisert 12.05.2021

Forvaltningsplanen skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og for å fremje verneverdiane, og blir utarbeidd innanfor rammene i gjeldande verneforskrift. Planen skal også fungere som rettleiar for forvaltningsstyresmaktene. Forvaltningsplanen er ikkje eit juridisk bindande dokument, men skal avklare handtering av verne- og brukarinteresser i området.

Bakgrunn

Vingen landskapsvernområde vart oppretta ved kgl.res. 9. mai 1980. Vingen kulturminnevernområde, som omfattar den vestlege delen av landskapsvernområdet kring Vingepollen og sjøen med helleristingar, vart freda 02.11.2001 i medhald av kulturminnelova som områdefreding. Vingebu (Vingen vakthytte) vart freda 14.08.2015 som ein del av landsverneplanen for statlege bygg. Statsforvaltaren i Vestland er forvaltningsstyresmakt i landskapsvernområdet, medan Vestland fylkeskommune er forvaltningsstyresmakt for kulturminna med helleristingsfelta.

Føremålet med oppretting av Vingen landskapsvernområde er «å verne eit vakkert naturlandskap med viktige kulturhistoriske særtrekk (helleristingsfelt)» (verneforskrifta pkt. III).

Vingen landskapsvernområde er kjent for både landskapet og helleristningsfelta. Du kan sjå fleire bilete i fotovedlegget som ligg til høgre.
Vingen landskapsvernområde er kjent for både landskapet og helleristningsfelta. Du kan sjå fleire bilete i fotovedlegget som ligg til høgre. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tom Dybwad.

Statsforvaltaren vil samarbeide tett med Vestland fylkeskommune om forvaltningsplanen slik at natur og kultur vert forvalta til beste for båe delar. Vi er kjende med at fylkeskommunen våren 2021 vil setje i gang arbeidet med ein revisjon av gjeldande forvaltningsplan og skjøtselsplan for kulturminneområdet i Vingen. Vi ser det som ønskjeleg og viktig å samkøyre revisjon av forvaltnings- og skjøtselsplan for kulturminna med utarbeiding av forvaltningsplanen for landskapsvernområdet.

Våren/sommaren 2021 vil Miljøfaglig Utredning gjennomføre ei artskartlegging i Vingen landskapsvernområde. Resultata frå kartlegginga vil bli innarbeidd i forvaltningsplanen før denne vert godkjend. Det kan vere aktuelt med opne møte i samband med utarbeidinga av forvaltningsplan.

Kom med innspel til planen!

Alle som ønskjer det kan kome med innspel til framlegget til forvaltningsplan innan 15. august 2021. Send innspelet ditt til sfvlpost@statsforvalteren.no eller med post til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. 

Etter høyringa vil innspel som er i samsvar med verneforskrifta bli innarbeidd, og forvaltningsplanen vil truleg verte godkjend på slutten av 2021. Det er Statsforvaltaren i Vestland som sjølv godkjenner forvaltningsplanen for landskapsvernområdet.