Høyring av frivillig skogvern for Lykkja i Årdal

Høringsfrist:
1. juli 2021 23.59
Denne gamle almen bur i området som no er tilbydd til frivillig skogvern. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.
Denne gamle almen bur i området som no er tilbydd til frivillig skogvern. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm..

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi framlegg om vern av Lykkja naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 1. juli 2021.

Publisert 07.05.2021

Tilbodsområdet på Lykkja er lokalisert gards- og bruksnummer 11/5, 11/1, 11/4 og 11/3 i Årdal kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigarar og Årdal kommune. Dei har underskrive tilbod om vern av Lykkja som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern. Høyringa gjeld eit areal med storleik på 1685 dekar skog. Høyringsdokument og framlegg til verneforskrift og vernekart ligg til høgre. 

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald Meld. St. 14 (2015-2016), vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 prosent av skogarealet. I 2020 var omlag 5,0 prosent av skogarealet og ca. 3,8 prosent av den produktive skogen verna i Noreg. Til årsskiftet 2021 runda vi 3,0 prosent skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er viktig for å nå fleire av dei nasjonale miljømåla vedtekne av Stortinget. 

Auka skogvern er framheva å ha stor positiv effekt på truga artar i skog, og Regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det har vore satt av nær ein halv milliard per år dei to siste åra til skogvern over statsbudsjettet, noko som syner at dette blir høgt prioritert av Stortinget.

I disse borehola laga av insekt legg dei egga sine. Så murar dei holet att med litt puss for å verge egg og larver frå å bli spist av andre. Ein del insekt har til og med yngelpleie, slik at dei legg att ei matpakke før dei murar att holet. Slik kan larven som veks til få ein god start på livet i den gamle skogen.
I disse borehola laga av insekt legg dei egga sine. Så murar dei holet att med litt puss for å verge egg og larver frå å bli spist av andre. Ein del insekt har til og med yngelpleie, slik at dei legg att ei matpakke før dei murar att holet. Slik kan larven som veks til få ein god start på livet i den gamle skogen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern  

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ein skattefri erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på Lykkja på vegner av grunneigarane, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivareteke.

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant viktige faktorar. Difor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre  Vestlandsnaturen for framtida. 

Alm er eit tre som står på den norske rødlista, det betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp, slik ein ser spor av på dette gamle, døande treet i Lykkja. Det er meir liv i eit dødt tre enn eit levande, men vi treng tre i alle livsfasar for å sikre naturmangfaldet. Seks av ti landlevande artar i Noreg treng skog for å overleve.
Alm er eit tre som står på den norske rødlista, det betyr at den er truga. Almen er levestad for mange artar av insekt, lav og sopp, slik ein ser spor av på dette gamle, døande treet i Lykkja. Det er meir liv i eit dødt tre enn eit levande, men vi treng tre i alle livsfasar for å sikre naturmangfaldet. Seks av ti landlevande artar i Noreg treng skog for å overleve. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Verneverdiar i Lykkja

Lokaliteten er ein del av eit større, typisk edellauvskogsmiljø i fjordliane og ligg eit steinkast frå Utladalen landskapsvernområde. Området er i hovudsak bratt og består av ein del lausmassar og skredmark. Det er også små bekkedrag og eit fuktig areal i nedre delar som består av gråor-heggeskog. I edellauvskogen er det frodig med lågurt- og høgstaudepreg. Det er registrert fleire interessante artar knytt til edellauvskogen, mellom anna seks raudlista artar, der dei fleste treng gamal alm for å overleve.

Det registrerte kjerneområdet i Lykkja inneheld den varmekjære skogtypen gråor-almeskog, som inngår i den raudlista naturtypen frisk rik edellauvskog. Gråor-almeskog er ein mangelnaturtype og er dårleg dekt av vern i Vestland. Tilbodseigedommen 11/5 oppnår i Miljøfaglig Utredning (MFU) sin rapport ein høg mangeloppfylling på naturtypen gråor-almeskog. Denne mangeloppfyllinga oppnår endå høgare verdi når området no er utvida.

Området har lite høgproduktiv skog og låg bonitet. I den første kartlegginga i 2002 av Siri W. Bøthun fekk området verdivurdering B (viktig). Området fekk berre éin av tre stjerner i vurderinga frå MFU, m.a. grunna lite areal (avgrensa til berre 217 dekar) og middels arrondering. MFU skriv også at det blir en unaturleg grense mot varmekjær skog som fortsetter videre østover, innover i Utladalen. Dette slår negativt ut på samlet areal med verdifulle naturtyper. Statsforvaltaren har difor jobba for å utbetre storleik, arrondering og naturtypeavgrensinga. Eigedommen eigd av Årdal kommune innover mot Utladalen bidreg til å betre arronderinga og dermed auke verdien betydeleg. Framlegget til verneområde er no på 1685 dekar. MFU skriv at det er eit potensiale for auke i naturkvalitetar over tid, særleg ved å skånsamt gjenoppta styving av gamle almetre og sørge for rekruttering av ny alm.

Det er ikkje registrert framande artar. Statsforvaltaren vurderer Lykkja til å ha vernekvalitetar på nivå B (regional verdi med 2, kanskje 3 stjerner). Ved å verne gråor-almeskog oppnår vi høg oppfylling på mangelnaturtypar. Området vil også kunne tene som referanse- og forskingsområde for påverknaden av fluor- og luftureininga frå industrien i Årdal.

I nedre delar av Lykkja er det gråor-heggeskog. I denne naturtypen er det eit rikt fugleliv, og det er registrert like mange fugl i gråor-heggeskog som du finn i tropisk regnskog! Luftfuktigheten er gjerne høg i slik skog, og skogbotnen er ofte frodig. Gråor slepp grøne blad om hausten, noko som bidreg til meir nitrogen i skogbotnen.
I nedre delar av Lykkja er det gråor-heggeskog. I denne naturtypen er det eit rikt fugleliv, og det er registrert like mange fugl i gråor-heggeskog som du finn i tropisk regnskog! Luftfuktigheten er gjerne høg i slik skog, og skogbotnen er ofte frodig. Gråor slepp grøne blad om hausten, noko som bidreg til meir nitrogen i skogbotnen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm..

Heimelsgrunnlag

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av naturmangfaldlova jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, blir foreslått brukt for Lykkja.

Konsekvensar av vernet 

For å ta vare på dei sårbare og store naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av matsopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like.

Brukarinteresser 

Forskrifta opnar for skånsam beiting med beitedyr, samt utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har også ei opning for å kunne vedlikehalde gjerde, og kunne søkje om oppsetting av nye gjerde dersom det er aktuelt i samband med husdyrhald. Dersom beitedyr blir sjuke eller skadde kan ein få frakta ut desse frå naturreservatet med motoriserte hjelpemiddel dersom det trengst. Det er ingen skogsbil- eller traktorvegar, og størstedelen av skogen er vanskeleg tilgjengeleg dersom skogbruk hadde vore eit aktuelt alternativ for grunneigarane.

Det er ikkje registrert kulturminne i området i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan være kulturminne i området. Desse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Det vil være mogeleg å drive jakt og frakte ut jaktutbyte med beltegåande terrengkøyretøy. Det meste av området er bratt og utilgjengeleg, men det er tursti vest frå garden Lykkja og opp mot Moakamben. Det er også merkt sti mot Åsen som kjem innom det føreslegne naturreservatet i sør. Disse er avmerkt på vernekartet. Det er opning i verneforskrifta for å brenne bål med nedfallskvist eller med medbragt ved.

Det er observert ein del beiteskadar frå hjort i dei mest tilgjengelege delane av Lykkja, og det vart observert lite forynging av prefererte treslag i desse areala.

Når det gjeld namn på verneområdet foreslo vi Lykkja etter garden som opphavleg låg sentralt i området før kommunen sitt areal vart inkludert. Grunneigarane har støtta namneforslaget, og Språkrådet kom ikkje med alternative tilrådingar i oppstartsfasen.

Dødsårsaken til at eit tre dør kan avgjere kva slags artar som buset seg der. Sjeldne, truga og sårbare artar treng ulike treslag, tre med ulik dødsårsak, liggjande eller ståande tre eller eit utval av kor mykje sol og skugge det er på plassen. I Lykkja er det døde tre i alle nedbrytingsfasar, noko som gjev godt grunnlag for liv for insekt, mose, lav og virveldyr.
Dødsårsaken til at eit tre dør kan avgjere kva slags artar som buset seg der. Sjeldne, truga og sårbare artar treng ulike treslag, tre med ulik dødsårsak, liggjande eller ståande tre eller eit utval av kor mykje sol og skugge det er på plassen. I Lykkja er det døde tre i alle nedbrytingsfasar, noko som gjev godt grunnlag for liv for insekt, mose, lav og virveldyr. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm..

Innspel til oppstartsmeldinga 

Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 9. april 2021. Innan fristen den 1. mai 2021 fekk vi 5 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Lykkja som naturreservat. I høyringsbrevet til høgre ligg eit samandrag av alle innspela i oppstartsrunden. 

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med høyringsinnspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi er usikre på tidspunktet på vernevedtak. 
 
Du er velkomen til å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Frist for å kome med innspel er 1. jui 2021.  

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.