Søknad om utsleppsløyve for Kletten gang- og sykkeltunnel i Førde i Sunnfjord

Høringsfrist:
12. april 2021 23.59

Statens vegvesen Utbygging søkjer om løyve til utslepp av reinsa anleggsvatn i samband med bygging av gang- og sykkeltunnel gjennom fjellpartiet Kletten i Førde i Sunnfjord kommune.

Publisert 12.03.2021

Prosjektet

Planlagt oppstart er 2. kvartal 2021 og prosjektet er planlagt sluttført juni 2022.

Utsleppet frå anlegget vil i hovudsak vere frå tunneldriving og riggområdet. Utsleppet er mellombels, og vil bli reinsa før utslepp til lokal bekk som går i lukka rør frå riggområdet til nedsida av Rv. 5 der det kjem ut i ei steinrøys. Herifrå vil det drenere vidare til Førdefjorden.

Det er òg søkt om utslepp i driftsfasen.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Høyringsfrist er 12. april 2021

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/21483. Frist for å gje fråsegn er 12. april 2021.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Fråsegn som ikkje er seriøse vert ikkje vurdert.

Høringsfrist:
12. april 2021 23.59