Høyring av frivillig skogvern for Kudalen i Stad

Høringsfrist:
25. april 2021
Der det finst mykje død ved finst det også mykje  liv. Insekt, sopp, lav og mose, og ei lang rekke fuglar treng død ved for å leve livet sitt. Skogen her i Kudalen har plass til mange artar.
Der det finst mykje død ved finst det også mykje liv. Insekt, sopp, lav og mose, og ei lang rekke fuglar treng død ved for å leve livet sitt. Skogen her i Kudalen har plass til mange artar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender vi forslag om vern av Kudalen naturreservat på høyring. Du er velkommen til å sende inn uttale innan 25. april 2021.

Publisert 19.02.2021

Bakgrunn

Gjennom behandlinga av stortingsmeldinga Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald vedtok Stortinget ei opptrapping av skogvernet i Noreg til 10 % av skogarealet. I 2020 var omlag 5,0 % av skogarealet og omlag 3,8 % av den produktive skogen verna i Noreg. Til årsskiftet 2021 runda vi 3 % skogvern i Vestland.

Det er eit nasjonalt miljømål at eit representativt utval av naturtypane i skog blir verna for kommande generasjonar. Vern av skog er også viktig for å nå mange av miljømåla vedtekne av Stortinget.  

I stortingsmeldinga vert auka skogvern framheva til å ha stor positiv effekt på trua artar i skog, og Regjeringa vil vidareføre det langsiktige arbeidet med skogvern. Dette skal skje ved vern av offentleg eigd skog og ved frivillig vern av privateigd skog. Frivillig vern inneber at skogeigarane tilbyr staten vern av eigen skog. Det har vore satt av nær ein halv milliard pr år dei to siste åra til skogvern over statsbudsjettet, noko som syner at dette blir høgt prioritert av Stortinget.

Grunneigar Håkon Hunvik speidar utover felleseiget som no er tilbudt til vern aust for Hunvika. Området har verneverdige kvalitetar mellom anna med mykje død ved, gamal skog og delvis høgare bonitetar.
Grunneigar Håkon Hunvik speidar utover felleseiget som no er tilbudt til vern aust for Hunvika. Området har verneverdige kvalitetar mellom anna med mykje død ved, gamal skog og delvis høgare bonitetar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Frivillig skogvern  

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern kor staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane har akseptert det økonomiske tilbodet frå staten. Det er AT Skog som har framforhandla vernet på vegner av grunneigarane, og som ser til at interessene til grunneigarane blir ivareteke.

Artsdatabanken som er den nasjonale kunnskapsinstitusjonen for naturmangfald, reknar med at om lag 60 prosent av alle artane på fastlandet i Noreg har skog som levestad. Totalt 90 prosent av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar, og fysiske inngrep som fylgje av utbygging og skogbruk er blant dei viktigaste faktorane. Derfor er det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida. 

Verneverdiar i Kudalen

Det tilbydde området dekkjer heile gradienten frå fjord til fjell i midtre Nordfjord og ligg i ei varm li vendt mot sør- sørvest. Verneforslaget består av gammal furuskog med bjørk og osp. Mykje lungenever og hengelav er jamt fordelt i området som vart kartlagt. At området ligg i boreonemoral sone, delvis lokalisert i lågareliggjande område og har ein del areal på høgare bonitetar gjer i tillegg området relevant i vernesamanheng. Kudalen har regionale - nasjonale verneverdiar (2-3 stjerner).  Rådgivende Biologer, dei som kartla tilbodsarealet, vurderer tilbodsområdet til delvis å oppfylle manglar i skogvernet i Vestland. Statsforvaltaren var på synfaring i tilbodsarealet med grunneigar og biolog, og vurderer at det er verneverdig.

Insekt legg ofte egga sine i daud ved, og fordi dei ikkje passar på ungane sine på same måte som pattedyr, kjem det i blant ein hakkespett eller andre og eter opp egg og larvar. Her har truleg hakkespetten fått seg eit godt måltid.
Insekt legg ofte egga sine i daud ved, og fordi dei ikkje passar på ungane sine på same måte som pattedyr, kjem det i blant ein hakkespett eller andre og eter opp egg og larvar. Her har truleg hakkespetten fått seg eit godt måltid. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Heimelsgrunnlag

Vern av spesielle område eller førekomstar skjer i medhald av lov av 16. juni 2009 om forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) jf. §§ 33-51. I naturmangfaldlova er det gjeve heimel for vedtak av ulike vernekategoriar. Vernekategorien naturreservat, som er det strengaste vernet etter naturmangfaldlova, blir foreslått brukt for Kudalen.

Konsekvensar av vernet 

For å ta vare på dei sårbare naturkvalitetane i området er det nødvendig med ei verneform som sikrar området mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat etter naturmangfaldlova § 37. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep. Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt og fiske og ålmenta generelt for sanking av sopp og bær. Turstiar som er i området skal også kunne haldast ved like. 

Brukarinteresser 

Det er noko beite frå husdyr i det nordaustlege området av det foreslegne naturreservatet. Forskrifta opnar for beiting med beitedyr, samt utplassering av saltstein i samband med dyrehaldet. Forskrifta har også ei opning for å kunne søkje om oppsetting av gjerde dersom det er aktuelt i samband med husdyrhald. Det er ingen skogsbil- eller traktorveger, og skogen er vanskeleg tilgjengelig dersom skogbruk hadde vore eit alternativ for grunneigarane.

Det er ikkje registrert kulturminne i Kudalen i offentlege databasar, men det utelukkar ikkje at det kan være kulturminne i området. Disse vil kunne bli sett i stand i samråd med kulturminnemynde. Det er ikkje reindrift eller samiske interesser i området.

Det er ei lita hytte ved Kudalsvatnet, samt ei tilhøyrande bod og gapahuk. Hytta har vore bygd etter 2016, jf. flyfoto. Den er ikkje veldig mykje brukt, jf. grunneeigarane, og dei bêr inn gass og proviant på ryggen når dei skal inn. Grunneigarane har trekt kravet i tilbodsbrevet om å kunne hogge ved i naturreservatet til bruk på hytta.

Det er ei relativt nybygd hytte ved Kudalsvatnet, om lag midt i verneområdet. Grunneigarane bêr med seg gass og proviant inn til hytta når dei brukar den. Sjølv med status som naturreservat kan dei framleis halde hytta vedlike.
Det er ei relativt nybygd hytte ved Kudalsvatnet, om lag midt i verneområdet. Grunneigarane bêr med seg gass og proviant inn til hytta når dei brukar den. Sjølv med status som naturreservat kan dei framleis halde hytta vedlike. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Bortsett frå ein sti til Dalssetra i det nordaustlege hjørnet av reservatet er det lite friluftsliv inn i kjerneområdet, og dei som brukar området er mest lokale kjentfolk. Det er opning i verneforskrifta til å brenne bål med nedfallskvist eller med medbragt ved. Det meste av området er bratt og utilgjengeleg, men grunneigarane er på jakt i sesongen og på synfaring fann vi spor av hjort. Hjortestammen er ikkje større enn at det var god forynging av t.d. osp.

Når det gjeld namn på verneområdet var det opphavlege arbeidsnamnet Hunvika. Vi vurderte at Hunvika var for eit litt større område inkludert ei bygd, og at namnet måtte være litt meir treffsikkert. Det mest sentrale stadnamnet geografisk for det føreslegne verneområdet er Kudalen. Det ligg eit lite tjern som heiter Kudalsvatnet, samt ei hytte der. Grunneigarane støtta namneforslaget Kudalen, og det har ikkje komme innvendingar mot namnet i oppstartsfasen av verneprosessen.  

Innspel til oppstartsmeldinga 

Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 22. januar 2021. Innan fristen den 16. februar 2021 fekk Statsforvaltaren 5 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Kudalen som naturreservat. I høyringsbrevet til høgre ligg eit samandrag av alle innspela i oppstartsrunden. 

Nokre fuglar hekkar på bakken, nokre hekkar i reir dei bygger på nytt kvart år, og nokre fuglar treng ståande død ved for å kunne sikre avkommet sitt ein trygg (-are) oppvekst. Ein mangfaldig skog med ulike tre i ulike livsfasar sikrer eit rikt fugleliv.
Nokre fuglar hekkar på bakken, nokre hekkar i reir dei bygger på nytt kvart år, og nokre fuglar treng ståande død ved for å kunne sikre avkommet sitt ein trygg (-are) oppvekst. Ein mangfaldig skog med ulike tre i ulike livsfasar sikrer eit rikt fugleliv. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Innspel og vidare framdrift 

Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet. Vi håpar på vernevedtak før jul 2021. 
 
Det er også mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no

Frist for å kome med innspel er 25. april 2021.  

I adresselista har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.