Søknad om utvida utsleppsløyve for Førde tettstad

Høringsfrist:
8. desember 2020

Sunnfjord kommune søkjer om løyve til å auke utsleppet av kommunalt avløpsvatn frå det kommunale reinseanlegget på Øyrane i Førde, frå 28 000 pe til 40 000 pe.

Publisert 28.10.2020

Målingar av samla avløpsmengde omrekna til personekvivalenter (pe) i perioden 2016 - 2018 viser at avløpsmengdene inn til reinseanlegget i dag normalt ligg på 16 000 - 17 000 pe. Maksimal tilrenning (pe maksimalveke) har dei siste tre åra (2016 - 2018) vore mellom 31 535 og 34 538 pe. Sunnfjord kommune søkjer difor å få utvida eksisterande løyve til 40 000 pe.

God reinseeffekt

Reinseanlegget på Øyrane er eit biologisk-kjemisk reinseanlegg, og har i gjeldande løyve krav om sekundærreinsing og fosforfjerning. Prøveresultat frå reinseanlegget dei siste 5 åra visar i følgje søknad god reinseeffekt sjølv om belastninga ved maksimal tilrenning overskrid anleggets dimensjonerande kapasitet.

Utsleppspunkt på 35 meters djup

Anlegget har utslepp til sjø. Utsleppspunktet ligg på 35 meters djup, om lag 1000 meter ute i fjordbassenget målt frå reinseanlegget på Øyrane. Indre Førdefjorden er i Vann-nett registrert med dårleg økologisk tilstand, basert på data frå 1999. Kjemisk tilstand er ukjent. Oppgraderinga av reinseanlegget på Øyrane i 2010 frå mekanisk forbehandling før utslepp, til biologisk-kjemisk reinseanlegg og flytting av utsleppspunktet lengre ut i fjorden (tidlegare utslepp låg 620 meter ut og på 25 meters djupne) er venta å ha medført ei betring av miljøtilstanden i indre Førdefjorden. Det er ikkje utført miljøkartleggingar i fjorden etter at det nye reinseanlegget vart sett i drift og dagens miljøtilstand er difor ikkje kjent.

Gjeldande løyve

Gjeldande utsleppsløyve for Førde tettstad er datert 11.4.2007 og gjev løyve til utslepp på inntil 28 000 pe. Løyvet finn de på norskeutslipp.no. Sunnfjord kommune søkjer om endring av eksisterande løyve. 

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 8. desember 2020.

Merknadar til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/7404.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurderte.

Uttale

Høringsfrist:
8. desember 2020