Søknad om løyve - spyling av vassleidning med utslepp til Storelva i Arna

Høringsfrist:
16. oktober 2020

Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp frå spyling og pluggkøyring av ny hovudvassleidning ved Reinane i Arna. Resipient for utsleppet er Storelva i Arna.

Publisert 18.09.2020

Bakgrunn

Bergen kommune ved VA-etaten ønskjer å etablera ny vassforsyning frå Espeland vassbehandlingsanlegg til sone nord i Bergen (Åsane). I samband med etablering av ny vassleidning DN600 mm ved Reinane er det planlagt etablering av ein vasskum tilrettelagt for spyling/pluggkøyring med utslepp til Storelva.

Miljørisiko og forslag til avbøtande tiltak

Storelva er ei lakseførande elv, og utsleppet vil kome innanfor anadrom strekning i nedre del av elva. I følgje søknad skal utslepp utførast utanom gyteperioden i elva. Utspyling/pluggkøyring ventes gjennomført med om lag 5 års mellomrom.

Norconsult har på oppdrag frå Bergen kommune utført ei miljørisikovurdering av utsleppet. Utsleppet er her vurdert å ikkje ha nokon negativ verknad på Storelva.

Fylkesmannen informerer elles om at sandfanget som står omtala i søknadsdokumenta utgår frå kommunens planar.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 16.oktober.2020

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2020/8204.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

Uttale

Høringsfrist:
16. oktober 2020