Høyring av frivillig skogvern av tre område i Sogn og Fjordane

Høringsfrist:
10. juni 2019 23.59

Etter ønskje frå grunneigarane sender Fylkesmannen på høyring framlegg om å opprette naturreservat gjennom ordninga med frivillig skogvern i tre område i kommunane Bremanger og Høyanger. Frist for å kome med fråsegn er 10. juni 2019.

Publisert 12.04.2019

Gaddeskogsvatnet, Bugen og Sørebødalen naturreservat

Framlegga gjeld oppretting av Gaddeskogsvatnet naturreservat og Bugen naturreservat som båe ligg i Bremanger kommune, og Sørebødalen naturreservat som ligg i Høyanger kommune. Til saman utgjer dei tre områda 10 875 dekar.Foto: Tom Dybwad

Nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald

Det er eit nasjonalt mål å redusere tap av naturmangfald, og som eit leidd i dette har regjeringa eit langsiktig mål om at om lag 10 prosent av skogen i Norge skal bli verna. Med om lag 2,6 prosent av skogen verna i Sogn og Fjordane, er vi enno langt unna det målet.

Store naturverdiar

Det er registrert store naturverdiar i alle dei tre områda. For nærare informasjon om dette sjå Fylkesmannen sine brev for kvart område, der det er ei skildring av naturverdiane som ligg til grunn for framlegga om skogvern i området. Framlegga til vernegrense er basert på ønskje frå grunneigarar som har kome med tilbod om areal og dokumenterte naturkvalitetar i områda.

Alle som ønskjer det er velkomen til å kome med fråsegn

Fylkesmannen ønskjer alle som ønskjer det velkomen til å kome med fråsegn. Fylkesmannen vil etter høyringa gi si tilråding til Miljødirektoratet, og vedtak (Kgl.res.) i Regjeringa er venta i desember 2019.

Fråsegner kan sendast med brev til Fylkesmannen i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller med e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no.

Frist for å kome med fråsegn er sett til 10. juni 2019.

Uttale

Høringsfrist:
10. juni 2019 23.59