Søknad om løyve for Ånneland vassbehandlingsanlegg

Høringsfrist:
14. mai 2019 23.59

Gulen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp frå nytt vassbehandlingsanlegg for Ånneland vassverk. Anlegget skal installerast med membranfilter for å fjerne humus, parasittar, bakteriar og virus. Høyringsfrist er 14. mai 2019.

Publisert 05.04.2019

Kart over noverande og nytt Ånneland vassverk med same inntak i vatn i Myrkebotnen.

Gulen kommune skal overta Ånneland vassverk og skal byggje nytt vassbehandlingsanlegg med råvasskjelde og membranfiltrering. Kommunen søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp frå anlegget. Utsleppet vil i hovudsak innehalde konsentrat frå membranfiltera, vaskemiddel og klor frå dagleg vask av membranane.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfrist er 14. mai 2019.

Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, eller sende per post til Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med referansenummer 2019/3656.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn. Useriøse uttaler vert ikkje vurdert.

 

 

 

 

 

 

 

 

Uttale

Høringsfrist:
14. mai 2019 23.59