Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret

Søknadsfrist:
1. februar 2021 23.00
Målgruppe:
Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelingen
Hvem kan søke:
Nav-kontora i Vestfold og Telemark
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022

Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova.

Publisert 07.01.2021

Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.

Det er NAV-kontora i Vestfold og Telemark som kan søkje. 

Følgjande område vil bli særskilt prioriterte i 2021:

  • bruk av ordinært arbeidsliv
  • oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar 
  • sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv. Målet å få erfaring med desse verkemidla for vidare utvikling av tilskotsordninga, og Arbeids og veferdsdirektoratet ønskjer blant anna å prøve ut nettverk/ klyngesamarbeid og ekstern prosessevaluering på nokre tiltak som melder si interesse i søknadsskjemaet.
  • For meir informasjon sjå fullstendig utlysingstekst i høgremenyen. Der finn de også regelverk og søknadsskjema.
  • Arbeids -og velferdsdirektoratet ønskjer å prøve ut ulike modellar og verkemiddel for å få meir kunnskap om gode tiltak og korleis dei kan spreiast.

Det overordna målet med tilskotsordninga er å gi eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette også betra levekår. Tenestene skal utformast slik at brukarane kan få moglegheit til å nytte arbeidsevna si, slik at flest mogleg kjem i lønna arbeid og beheld tilknytinga til arbeidslivet over tid.

Søknadsfrist er 1. februar 2021.

Søknadsfrist:
1. februar 2021 23.00
Målgruppe:
Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
Ansvarlig:
Helse- og omsorgsavdelingen
Hvem kan søke:
Nav-kontora i Vestfold og Telemark
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022