Kommunal beredskap

Kommunane utgjer fundamentet i samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet. Dei skal ivareta sikkerheiten og tryggleiken til innbyggjarane.

Kommunane skal jobbe systematisk og heilskapleg med samfunnstryggleiksarbeidet på tvers av sektorar, med sikte på å redusere risiko for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdiar.

Dette ansvaret gjeld ikkje berre kommunane som organisasjon, men óg kommunane som myndigheit innanfor sitt geografiske område og som pådriver overfor andre aktørar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.