Midt-Telemark blir meldt inn i ROBEK

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har bede Kommunal- og distriktsdepartementet om å registrere Midt-Telemark kommune i Robek-registeret. Midt-Telemark blir registrert på bakgrunn av meirforbruk i rekneskapen for 2024.
- Vi har kjent til meirforbruket sidan rekneskapen ble lagt fram i februar, men innmeldinga kjem når det formelt er vedteke av kommunestyret, seier statsforvaltar Trond Rønningen. Midt-Telemark kommunestyre vedtok rekneskapen 12. mai.
Meirforbruk på 5,5 prosent
Eit av vilkåra for innmelding i ROBEK er eit meirforbruk i balanserekneskapen på meir enn tre prosent av driftsinntektene. Midt-Telemark hadde eit meirforbruk på 5,5 prosent etter 2024.
-Når kommunen er meld inn i ROBEK skal vi kontrollere årsbudsjett, og godkjenne låneopptak og langsiktige leigeavtalar, seier Rønningen.
Kva er ROBEK?
ROBEK står for register om vilkårsbunden godkjenning og kontroll. Det er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld.
Kommunar og fylkeskommunar i ROBEK er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.