Endringar i velferdstenestelovgivinga skal sikre barn og unge betre hjelp - no er rettleiaren klar!

Frå 1. august fekk kommunane ei tydeleg plikt til å samordne tenestetilbodet til barn.

Publisert 16.09.2022

Saman med fleire andre lovendringar skal samordningsplikta bidra til tettare samarbeid mellom barnehagar, skular, barnevern, Nav, helsetenester og sosialtenester.

Kommunane har no plikt til å bestemme kva for teneste som skal ha ansvaret for å samordne tenestetilbodet til kvart barn som treng hjelp.

Reglane gir familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne rett til eigen barnekoordinator, og reglane forsterkar velferdstenestene sine plikter til å samarbeide med kvarandre.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.