Oppmoding om særleg høgt tiltaksnivå for heile tidlegare Vestfold fram til over påske

På eit møte tysdag morgon mellom Statsforvaltaren og kommunane i tidlegare Vestfold var det einigheit om at alle seks kommunane vidareførar regionale tiltak og at desse skal vere på høgste nivå for alle kommunane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.03.2021

Statsforvaltaren vil derfor sende eit skriv til Helsedirektoratet i dag, den 16. mars, der vi oppmodar om at det innførast særleg høgt tiltaksnivå (5A)* for alle tidlegare Vestfoldkommunar fram til og med 6. april.

Oppmodinga har bakgrunn i vedvarande høg smitte i tidlegare Vestfold, som ikkje har gått ned tross dei til no innførde tiltaka på særleg høgt nivå (5A) i nokre kommunar og delvis høgt tiltaksnivå (5B) i andre kommunar. Kommunane står no samla om å i fellesskap innføre særleg høgt tiltaksnivå (5A) for å kunne få kontroll på smitta. Det betyr at tiltaksnivået bes heva til særleg høgt også i Horten, Sandefjord og Larvik, mens dei fortset på dette nivået i Tønsberg, Færder og Holmestrand.

Om tiltaka blir innført som oppmoda fram til over påske vil dei bli vurdert undervegs i møter mellom Statsforvaltaren og kommunane, både den 24. og den 31 mars.

Det er regjeringa som fastset regionale forskrifter basert på vurdering av forhaldsmessigheit, smitteutvikling, og vurderingar frå kommunane.

* Tiltaka gjeng fram av covid-19-forskrifta kapittel 5A
   https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-27-470#KAPITTEL_5A 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner