Dei beste sidene våre - av fylkesmann Per Arne Olsen

Kornåker Ramnes, Tønsberg
Kornåker Ramnes, Tønsberg Foto: Daniel Korslund.

Eit annleis år går mot slutten. Det er når utfordringane er som størst eit samfunn viser dei beste sidene sine. Eller verste. Dette året har vi i Vestfold og Telemark vist dei beste sidene våre. Vi har vist at vi duger når det blir kravd. Vi har grunn til å vera stolte. No skal vi halda fram til viruset er nedkjempa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2020

Vilje og evne til å handla saman. Vilje og evne til å ta ansvar, til å yta ekstra, til å trekka i flokk. Fornuftige avveininger mellom avgrensingar og normalitet. Det har prega kampen mot koronaen i Vestfold og Telemark.

I Noreg har smitten vore lågare enn i dei aller fleste andre land. Året sett under eitt har smittetrykket vore lågare i fylket vårt enn i mange av dei andre fylka. Vi har hatt mindre sjukdom og død. Men vi har på ingen måte sloppe unna. Vi har hatt alvorlege tilfelle, og det har vore dødsfall òg hos oss. Nokon har mista sine næraste. Vi har hatt grupper i karantene og isolasjon. Vi har hatt avgrensingar på skular og i barnehagar, i næringsliv og i frivillig lag og foreiningar. Vi har hatt og har framleis utbrot. I Grenland blir for tida det jobba hektisk med å slå ned utbrot.

Gjennom snarrådige og fornuftige tiltak har vi likevel unngått at situasjonen har komme ut av kontroll.

Dette hadde vi ikkje fått til utan tillit. Tillit som er bygd opp gjennom mange år. Tillit mellom innbyggarar og offentlege styresmakter. Tillit mellom stat og kommunar. Tillit mellom ulike profesjonar. Tillit til lokaldemokratiet. Ein tillit som er styrkt gjennom eit år med pandemi.

Eg vil i dag takka alle som jobbar i helsetenesta. De som har bemanna frontlinja mot koronaviruset. De som har drive effektiv testing, smittesporing og behandling av sjuke. Profesjonaliteten og verdigheita de har vist, har gitt oss tryggleik. Det skaper tillit.

Eg vil takka ordførarar og lokalpolitikarar. De har gjort krevjande avveininger mellom fridom for den enkelte, og avgrensingar for å stansa smittespreiinga. De har jobba saman, på tvers av kommunegrenser. Lokaldemokratiet har gitt vedtaka de har fatta legitimitet. Det gir tillit.

Eg vil takka tilsette på skular og i barnehagar. De har kvar dag gitt barn og unge struktur, læring, leik og omsorg, tryggleik og kjærleik. Under særs krevjande arbeidsforhold har de tatt vare på framtidas Vestfold og Telemark. Det bygger tillit.

Eg vil takka dykk som jobbar i butikkar og restaurantar, i produksjonsbedrifter og i kulturlivet. Kor mykje de betyr i kvarrdagslivet til kvar og ein av oss, har dette året ettertrykkeleg vist. De har makta å visa ein oppfinnsomheit, evne og vilje til omstilling som har gjort det lettare for alle oss andre å komma gjennom dette året. Det har styrkt tilliten vår til dykk.

Eg vil takka alle som jobbar innan reinhald og renovasjon. De har gjennom ekstra innsats avgrensa smittespreiinga. Det har gir oss tillit til at viktige tenester fungerer.

Eg vil takka bussjåførar. De har sørgd for at helsepersonell og barnehagetilsette, barn og unge har komme seg på jobb og skule. Det er tillitvekkande når viktig infrastruktur fungerer, også i kriser.

Eg vil takka barn og unge. De er i ein fase av livet der samspill og nærkontakt med andre er særleg viktig. Desto meir imponerande er det at smittespreiinga heller ikkje i gruppene deira har komme ut av kontroll. Det styrker tilliten vår til dykk.

Eg vil takka alle som frå heimekontora har utført viktige arbeidsoppgåver. De har jobba frå stuebord og kjøkkenkrokar. De har følt på sakna av kollegafelleskap. Produksjonen har likevel vore imponerande. Det vitnar om god arbeidsmoral og innsatsvilje, og stor evne til å takla endringar. Det er eigenskapar kvar og ein arbeidsgivar har høgt på ønskelista. Det har bygd gjensidig tillit.

Eg vil takka pensjonistane. Verdien av kvart enkelt år blir høgare jo eldre ein er. Kvar klem frå eit barnebarn, kvart møte i foreininga, kvar reise blir så uendeleg mykje verd. Derfor står det respekt av viljen de har vist til å følgja tilrådingane til styresmaktene. Det vitnar om tillit.

Og eg vil takka deg som har følgt koronatilrådingane. Uansett kven du er eller kva du jobbar med. Utan dine små og store oppofrelser i dagleglivet vil ikkje viruset kunna overvinnast. Vi står saman om dette. Vi har tillit til kvarandre og at alle gjer ein innsats.

2020 er året vi har kjempa mot koronaviruset. Vi har kjempa i helsetenesta. Vi har slost mot viruset i skular og barnehagar, i butikkar og på restaurantar. Vi har kjempa frå heimekontora. Vi har vist at innsats gir resultat.

Kampen er på ingen måte over. Vi skal halda fram med å kjempa gjennom vinteren og våren. Vi skal halda fram med å visa den beste sida vår. Vi skal ikkje gi oss før kvardagen kan venda tilbake til det normale!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.