Søknad om fjerning av molo ved brygga på Dalen i Bandak i Tokke kommune

Høringsfrist:
31. januar 2022

Tokke kommune søkte 21.09.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å fjerne ein steinmolo med areal på 1 000 m2 og volum på 3 000 m3. Arbeidet skal utførast ved brygga på Dalen, gbnr. 22/72 i Tokke kommune.

Publisert 03.01.2022

Formålet med å fjerne massane er å erstatte eksisterande molo med flytebrygge. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land. Steinmassar som har sokke ned i sjøbotn skal ikkje bli fjerna. Det er søkt om å bruke 1 200 m3 av massane til å etablere parkeringsplass og å lagre resten på kommunalt industriområde for seinare nyttegjering som utskiftingsmasse på kommunal veg.

Det er ikkje tatt prøver av moloen fordi denne består av grove steinmassar og det skal ikkje gravast ned i sjøbotnen.

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/8549 og sendast innan 31.01.2022 til: 

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Høringsfrist:
31. januar 2022

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding