Frivillig vern av skog - Verneplan for tre områder

Høringsfrist:
10. desember 2021
Buberget i Tinn. Gnag etter knuskkjukemøll. Foto: Sigve Reiso
Buberget i Tinn. Gnag etter knuskkjukemøll. Foto: Sigve Reiso

Statsforvaltaren sender tre verneplanar på høyring.

Publisert 15.10.2021

Føremålet med høyringa er å få fram opplysningar om interesser som kan bli påverka av dei planlagde verneforslaga. Vi ber høyringsinstansane spesielt om opplysningar om stølar/seterbuer, hytter og andre bygningar, jaktbuer, stigar/sleper, traktorvegar og anna som bør vere kjend i verneområda.

Områda som no er sendt på høyring er:

Namn på område

Kommune

Areal i daa

Verneverdi

Barlindknuten Kragerø 426 Nasjonal (***)
Buberget Tinn 964 Regional  (**)
Urdalen - utviding Tinn 334 Nasjonal (***)

 

Spørsmål knytta til verneplanarbeidet kan rettast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark på telefon 33 37 10 00. 

Høyringsfristen er 10. desember 2021.

Det vil lette den vidare sakshandsaminga om det vert vist til saksnummer i fråsegner og at desse vert sendt oss elektronisk til vårt postmottak sfvtpost@statsforvalteren.no

Barlindknuten i Kragerø. Lungenever på eik i rik edelløvskog. Foto: Ulrika Jansson
Barlindknuten i Kragerø. Lungenever på eik i rik edelløvskog. Foto: Ulrika Jansson