Søknad om mudring ved Borteidveien 77 og 79 i Kragerø kommune

Høringsfrist:
24. september 2021

Ein privatperson søker om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre i Soppekilen i Kragerø kommune for å oppnå økt seglingsdjupn ved privat brygge.

Publisert 27.08.2021

På vegne av privatperson søkte Arkitekhuset Kragerø AS om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 120 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 90 m3. Mudringa skal utførast i Soppekilen ved Borteidveien 77 og 79, gbnr. 23/272 og 318 i Kragerø kommune.

Formålet med å mudre er å oppnå økt seglingsdjupn ved privat brygge. Det er ynskeleg å auke djupna på staden frå 0-2 meter til 2-3 meter. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå mudderpram. Muddermassane skal leverast ved sertifisert avfallsanlegg. I søknaden er det foreslått å nytte slamgardin for å hindre slamflukt under mudring.

Sjøbotnen i tiltaksområdet er blitt analysert for miljøgifter ved to stasjonar. Resultata viser konsentrasjonar av PAH-forbindelsane antracen og pyren tilsvarande tilstandsklasse III (moderat), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ligger i naturtypen «Bløtbunnsområde i strandsonen» registrert som lokalt viktig (verdi C) og i kanten av naturtypen «Ålegrassamfunn» registrert som svært viktig (verdi A).

 

Eventuelle merknader til søknaden kan merkast 2021/6391 og innan 24.09.2021 sendast til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

 

Høringsfrist:
24. september 2021

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sihgr@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding