Førehandsvarsel - Søknad om mudring, sprenging og utfylling - Susannesbukt på Jomfruland, Kragerø

Høringsfrist:
19. august 2021

Arkitekthuset Kragerø AS søkte 17.06.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre, sprenge og fylle ut for å etablere småbåtanlegg på Jomfruland i Kragerø kommune.

Publisert 30.06.2021

Arkitekthuset Kragerø AS søkte 17.06.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 1 600 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 350 m3, sprenge 3 000 m3 og fylle ut 400 m3 over eit areal på 230 m2. Tiltaka skal utførast ved Susannesbukt på Jomfruland, gbnr. 29/357 i Kragerø kommune.

Formålet med å mudre og sprenge er å oppnå tilfredsstillande seglingsdjupn i felles båthamn. Det er ønskeleg å auke djupna på staden til 2 meter. Formålet med å fylle ut er å etablere brygge for småbåtanlegg. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land. Muddermassane skal leverast til godkjent avfallsmottak. Massar frå sprenging skal nyttast i utfylling til brygge/molo i tiltaksområdet. I tillegg er det søkt om å mellomlagre og nytte massar frå sprenging på naboeigedommen.

Det informerast om at det vil bli nytta siltgardin under arbeida, og at turbiditet vil bli overvaka utanfor siltgardina.

Sjøbotnen i tiltaksområdet har vorte analysert for miljøgifter ved 3 stasjonar. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgiften antracen tilsvarande tilstandsklasse III (moderat) i overflatesediment, jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om er naturtypen «Bløtbunnsområde i strandsonen» verdisett som svært viktig (verdi A) lokalitet. Rett utanfor tiltaksområdet er det registrert naturtypen «Ålegrassamfunn», også verdisett som svært viktig (verdi A).

 

Eventuelle merknader til søknaden kan innan 19.08.2021 sendast til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

Høringsfrist:
19. august 2021

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding