Søknad om utfylling, Lyngdalen i Kragerø

Høringsfrist:
16. juni 2021

Olaf Rinde søker om løyve til å fylle ut for å etablere fundament for fellesbrygger i Lyngdalen i Kragerø kommune

Publisert 19.05.2021

Sigurd Bothner Sivilarkitekt AS søkte, på vegne av Olaf Rinde i revidert søknad av 12.05.2021, om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut inntil 2 000 m3 sprengstein over eit areal på 832,7 m2 sjøbotn. Utfylling er planlagt utført i Kilsfjorden ved Lyngdalen, gbnr. 65/39 i Kragerø kommune.

Føremålet med utfyllinga er å etablere eit fundament for fellesbrygger.

Sjøbotnen i tiltaksområdet har vorte analysert for miljøgifter ved ein stasjon. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter inntil tilstandsklasse V (svært dårleg), jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»). Det er søkt om å dekke til sjøbotnen med ca. 50 cm sand før det skal fyllast ut med sprengstein for å hindre spreiing av forureina sediment.

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan innan 16.06.2021 sendast til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

 

 

Høringsfrist:
16. juni 2021

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding