Høyring av søknad om løyve til utfylling ved Svarttjernbukta i Kragerø

Høringsfrist:
24. juni 2021

Hellesund Eigedom AS søkte 8.3.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å fylle ut 200 m3 over eit areal på 350 m3.

Publisert 28.05.2021

Utfyllinga skal utførast ved Svarttjernbukta gbnr. 16/43 i Kragerø kommune. Føremålet med utfyllinga er å etablere ei allmenn tilgjengeleg sandstrand.

Det skal leggast duk før utlegging av reine massar med ein tjukkleik på ca. 20 cm, etterfylgt av skjelsand med ein tjukkleik på ca. 20 cm. Arbeidet skal utførast med gravemaskin frå land, og det skal nyttast siltgardin under arbeida. Det er søkt om å utføre arbeidet våren/ sommaren 2021 med ei estimert varigheit på 3 dagar.

Sjøbotnen ved tiltaksområdet har vorte analysert for miljøgifter og konsentrasjonar er samanlikna med grenseverdiar i Miljødirektoratets rettleiar M-608|2016. Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse V (svært dårleg).

I Miljødirektoratets Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram at tiltaket det er søkt om ikkje vil få følgjer for registrerte naturverdiar. I ein avstand på ca. 100 meter frå tiltaksområdet er det registeret eit verneområde for sjøfugl. 

Eventuelle merknader til søknaden kan du innan 24.06.2021 sende til:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no 

 

Høringsfrist:
24. juni 2021

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding