Søknad om mudring ved Valleveien i Bamble

Høringsfrist:
25. mai 2021

Stein Erik Hagen søker om løyve til å mudre utanfor privat brygge ved Valleveien 990 i Bamble kommune.

Publisert 27.04.2021

Stein Erik Hagen søkte 05.02.2021 om løyve etter forureiningsregelverket til å mudre 385 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 193 m3. Mudringa skal utførast ved Valleveien 990, gbnr.  83/142 i Bamble kommune.

Føremålet med mudringa er å oppnå tilfredsstillande seglingsdjupn for å legge til med båt. Det er ynskeleg å auke djupna på staden frå 30 – 40 cm til 80 -90 cm ved lågvatn. Arbeidet er planlagt utført ved grabbmudring frå land, men det kan bli behov for å nytte lekter i deler av området. Massane skal leverast til lovleg avfallsanlegg og det er beskriven bruk av siltgardin under arbeidet.

Sjøbotnen i tiltaksområdet har blitt analysert for miljøgifter ved 1 stasjon og det er analysert prøve frå overflaten (0-10 cm) og djupare sediment (10-50 cm). Resultata viser konsentrasjonar av miljøgifter tilsvarande tilstandsklasse V for TBT i begge prøvene, jf. klassifiseringssystem for sediment (M-608|2016 «Grenseverdier for klassifisering av vann, sediment og biota»).

I Miljødirektoratet sin Naturbase (kart.naturbase.no) kjem det fram det at tiltaket det er søkt om ikkje vil røre registrerte naturverdiar.

 

Eventuelle merknader til søknaden kan innan 25.05.2021 sendast til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

Høringsfrist:
25. mai 2021

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding