Denne veka fekk vi besøk av digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung i våre lokale på Leikanger

Gruppebilde av Bjørn Tore Årøy (STAF), Gunnar O. Hæreid (Statsforvalteren i Vestland), Cecilie Njøs Høgheim (STAF), Liv Signe Navarsete (Statsforvalteren i Vestland), digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, ordfører i Sogndal kommune Stig Ove Ølmheim og Ola Alsterholm (Statsforvalteren i Vestland)
Fra venstre: Bjørn Tore Årøy (STAF), Gunnar O. Hæreid (Statsforvalteren i Vestland), Cecilie Njøs Høgheim (STAF), Liv Signe Navarsete (Statsforvalteren i Vestland), digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, ordfører i Sogndal kommune Stig Ove Ølmheim og Ola Alsterholm (Statsforvalteren i Vestland)

Saman med Statsforvaltaren i Vestland fekk vi høve til å vise at statsforvaltarane står i sentrum av samspeltenestene mellom stat og kommune – og STAF utviklar løysingane som bind dei saman.

Publisert 14.11.2025

Etableringa av STAF har allereie vist at fellesløysingar og deling av data gir konkrete, målbare resultat.

Under besøket presenterte vi to døme:

⚖️ Ny digital søknadsportal for rettshjelp

Brukaren kan no søkje om rettshjelp på ein felles digital inngang, utan å måtte forhalde seg til kven som behandlar saka

Løysinga:
● hentar automatisk data frå offentlege register
● fungerer på tvers av etatar og fagsystem
● er integrert med nasjonale fellesløysingar
● ivaretek personvern og informasjonssikkerheit fullt ut

Dette er eit viktig steg for å gjere møtet med offentleg sektor enklare og meir brukarvennleg.


🔍 Kommunebilde - betre kunnskapsgrunnlag, betre dialog

Kommunebilde samlar data frå fleire kjelder i ei oversiktleg og visuell framstilling av situasjonen i kvar kommune.

Det gir:
● betre grunnlag for vurderingar
● eit felles faktagrunnlag i dialogen mellom statsforvaltaren og kommunane
● ei meir målretta innretning av innsatsen

Verktøyet har også styrkt samarbeidet mellom statsforvaltarembeta.

Takk til Karianne Tung, Audun Otterstad, Timothy Szlachetko og ordførar Stig Ove Ølmheim for besøket og gode diskusjonar! 🙌