Vegetasjonskartlegging - temakart for beitekartlegging

Geiter på innmarksbeite i Leveld. Leveld er også eit av våre utvalde kulturlandskap i Oslo og Viken.
Geiter på innmarksbeite i Leveld. Leveld er også eit av våre utvalde kulturlandskap i Oslo og Viken. Foto: Statsforvalteren i Oslo og Viken.

Vegetasjonskartlegging med temakart om beite for sau og storfe er eit godt reiskap for å vurdere beitekapasiteten i eit område. NIBIO er einaste tilbyder av denne tenesta og er unntatt lov om offentleg innkjøp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.03.2022

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) sin beitekartlegging er eit nasjonalt program der lokale interesser kan avgjere kvar kartlegginga skal gå føre seg, dersom dei er med å finansiere arbeidet. Bidraget må utgjere om lag 30 % av dei samla kostnadane ved kartlegginga. Resten av kostnadane blir dekt av NIBIO sitt eige budsjett.

Medfinansieringa blir rekna ut etter fast bidragskostnad knytt til ulike terrengtypar. For prosjekt over 100 000 kroner er medfinansieringa 3500 kr/km2 i produksjonsskog, 3000 kr/km2 i fjellskogsona og 2500 kr/km2 i snaufjellet. Det blir heller ikkje rekna moms på tenesta.

NIBIO sin del av finansieringa blir løyvd over statsbudsjettet. Formålet med kartlegginga må liggje innanfor rammene for disponering av budsjett frå tildelinga frå Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

Forfattar: Ingvild Sundgot, Ål og Gol kommunar