Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Høyring av søknad om løyve etter forureiningslova for Trøim reinseanlegg i Hemsedal kommune

Legg til i egen kalender
Høringsfrist:
5. mars 2021

Statsforvaltaren i Oslo og Viken fekk 06.11.2020 søknad frå Hemsedal kommune om løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn frå Trøim reinseanlegg i «tettbebyggelse» 06-012-Hemsedal, i Hemsedal kommune.

Publisert 03.02.2021

Bakgrunn

Hemsedal kommune fekk 19.09.2003 løyve til utslepp frå Trøim reinseanlegg av dåverande Fylkesmannen i Buskerud. Kommunen søker no om å oppdatere og å endre løyvet for reinseanlegget, slik at det blir dekkande for perioden 2020 til 2030.

Samandrag av søknaden

Trøim reinseanlegg er eit mekanisk/kjemisk/biologisk mellomfellingsanlegg. Det har kapasitet på 160 m3/h, og biologisk reinsetrinn er dimensjonert for 14.000 personekvivalentar (pe BOF5).

Søknaden gjeld både oppsamling, transport, behandling (reinsing) og utslepp av kommunalt avløpsvatn. Resipient for reinsa avløpsvatn frå reinseanlegget er elva Hemsil. Overløpet frå reinseanlegget blir ført inn på utsleppsleidninga, og har same utsleppspunkt som reinsa avløpsvatn.

Kommunen søkjer om å auke utsleppet frå reinseanlegget og tar høgde for estimert

utbygging og prognoser for befolkningsvekst i kommunen. Det er ein høg del fritidsbustadar i «tettbebyggelsen», i tillegg til periodar med stor turistaktivitet. Tilførselen av avløpsvatn til reinseanlegget varierer difor mykje. Belastninga inn til reinseanlegget er estimert til ca. 8.000 pe BOF5 i maksveke i år 2030. Innan 2022 er det planlagt at Tuv avløpsanlegg skal vere knytt til Trøim reinseanlegg ved hjelp av ei overføringsleidning. Tuv avløpsanlegg skal då leggast ned. Dei 8.000 personekvivalentane i år 2030 inkluderer avløpsvatnet ifrå Tuv.

Kommunen søkjer om forureiningsforskrifta sine minstekrav til reinsing av avløpsvatn til følsamt område for BOF5 og KOFCR, som er:

  • minst 70 % reduksjon av BOF5 eller at utsleppskonsentrasjonen ikkje overstig 25 mg O2/l ved utslepp
  • minst 75 % reduksjon av KOFCR eller at utsleppskonsentrasjonen ikkje overstig 125 mg O2/l utslepp.

For fosfor søkjer kommunen om ein reinsegrad på 93%.

Det har tidlegare vore klagar på lukt frå Trøim reinseanlegg, men i perioden 2006 til 2017 er det etablert eit biologisk luktfjerningsanlegg (barkfilter) utanfor reinseanlegget. Etter dette har det ikkje vore klagar på lukt. Næraste bustadhus ligg ca. 200 meter (i luftlinje) frå Trøim reinseanlegg.

Reinseanlegget ligg i Hemsedalsvegen 2871 på eigendommen gbnr. 66/8. Området er regulert til «tenesteyting», nærmare bestemt ligg anlegget innanfor området «O3» som ifølge reguleringsbestemmingane er regulert til «offentlege formål».

I samsvar med forureiningsforskrifta § 36-8 blir søknaden frå Hemsedal kommune lagt ut til offentleg gjennomsyn. Søknaden ligg i menyen til høgre.

Du kan sende innspel eller merknadar til søknaden

Innspel til søknaden må sendast til Statsforvaltaren innan 05.03.2020. Vi ber om at innspel til søknaden blir sendt skriftleg per e-post til sfovpost@statsforvalteren.no, eller per post til Statsforvaltaren i Oslo og Viken, postboks 325, 1502 Moss. Merk høyringsinnspel med: saksnummer 2020/37759.

Informasjon om vidare saksgang

Etter at høyringsinnspela har kome inn til Statsforvaltaren, vil dei bli førelagt søkar for merknadar, før Statsforvaltaren fattar vedtak i saka.