Åmli kommune - Tilsynsrapport - Ppt – Sakkunnig vurdering

Statsforvaltaren konkluderer med at Åmli kommune i hovudsak oppfyller krav til innhaldet i sakkunnige vurderingar, men at PPT ikkje utarbeider sakkunnig vurdering innan rimeleg tid i alle tilfelle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2022

Formålet med tilsynet er å kontrollere om kommunen følgjer krava som gjeld sakshandsaming for vedtak om spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp, jf. opplæringslova kap. 5 og barnehagelova kap. VII og forvaltningslova. Vi har konsentrert tilsynet til å gjelde utarbeiding av sakkunnig vurdering som saksutgreiing for enkeltvedtaka.

Den tida PPT brukar på saka, er berre ein del av den samla sakshandsamingstida frå det tidspunkt barnehagen, skolen eller foreldra reiser spørsmål om eleven har rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning og fram til vedtak er fatta og tilbodet sett i verk. Alt dette skal normalt ikkje ta meir enn tre månader. Dette er viktig fordi kommunen skal straks oppfylle retten som barnet eller eleven har, og ventetid kan ikkje aksepterast når det gjeld lovbestemt rettigheit.


Kommunen har rutine med å ta saka opp i ressursteam der PPT ofte kjem med forslag til tiltak som skal prøvast ut før eleven kan bli tilvist til PPT. Vi meiner at dette i nokre tilfelle kan medverke til at retten ikkje blir oppfylt. Det same kan rutinen med å vente på rapportar frå andre instansar før PPT gjer si sakkunnige vurdering. Vi meiner at det ikkje kan aksepterast at PPT si utgreiing blir lagt til side i veker og månader og at enkeltvedtak om avvik frå ordinært tilbod dermed ikkje kan bli gjort.


PP-tenesta har i tillegg til å skrive sakkunnige vurderingar, også som oppgåve å hjelpe barnehagar og skolar med i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling. Dei skal hjelpe med å legge til rette barnehagetilbodet for barn med særskilde behov, og opplæringa for elevar med særskilde behov. Slikt førebyggjande arbeid inneber at PP-tenesta bidreg til at barnehagar og skolar kjem i forkant av problem og lærevanskar ved å setje i gang tiltak. Det kan vere universelle tiltak eller spesielle tiltak for barnehagar eller skolar med utfordringar. På denne måten kan PPT bidra til kompetanse og rutinar for tidleg innsats.


Praksisen i Åmli kommune inneber at ein person i PPT ikkje har kapasitet åleine til å arbeide førebyggjande på den måten og såleis ikkje kan oppfylle denne oppgåva i tillegg til å gjere arbeidet med å skrive sakkunnige rapportar. Det er etter vårt syn ein risiko for at barn med særskilte behov ikkje får oppfylt rettene sine.


Åmli har tilsett ein person som både er PP-leiar og skal gjere alle oppgåvene som PPT skal ha. Dette er svært sårbart både når det gjeld faglege og kapasitetsmessige tilhøve. Åmli kommune har ikkje eit fungerande internkontrollsystem som sikrar at PPT skal kunne oppfylle sine lovpålagte plikter. Informasjon som kom fram i dokumentasjonen og i intervjua om til dømes at sakshandsaminga tar for lang tid, og at skole og barnehage klagar på at PPT ikkje er tilgjengeleg, blir ikkje følgt systematisk opp med tiltak som kan bidra til betring.


Kommunen fekk ein førebels tilsynsrapport og har uttalt seg innan fristen. På bakgrunn av uttalen frå kommunen, har vi gjort nokre endringar i rapporten. Vi gjer no vedtak med pålegg om retting. Etter avtale med kommunen er rettefrist sett til
1. desember 2022.