Problem med eInnsyn

Problema med elnnsyn skal no vere løyst, og det er igjen mogleg å søke om innsyn på vanleg måte. 

Publisert 24.08.2022

På grunn av tekniske problem med saksbehandlingssystemet vårt vil det likevel vere forseinkingar i behandlinga av innsynskrav ei stund framover.

Vi har opplevd tekniske problem med eInnsyn sidan 15. august, og dette har påverka saksbehandlingstida vår. No skal problema vere løyst, og vi har fått inn innsynskrav sendt i veke 34. Det blir framleis arbeidd med å få fram innsynskrav sendt i veke 33. 

Dessverre opplever vi tekniske problem med saksbehandlingssystemet vårt, som vil føre til ytterlegare forseinkingar i saksbehandlinga. 

Vi beklagar ulempene dette medfører og håpar på ei snarleg løysing. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.