Fylkesmannen endrar namn til Statsforvaltaren

1. januar 2021 blir namnet vårt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.12.2020

Regjeringa beslutta i mars at vi skal ha eit kjønnsnøytralt namn. Dei vidareførar tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skiljet mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare. Vi ber om forståing for at det framleis står Fylkesmannen nokre stader i samband med namnebyttet.

Det kan ta tid å få namneendringa er oppdatert i alle lover og forskrifter. Sjølv når dette er på plass, vil vedtaka våre innehalde sitat frå eigne avgjersler og liknande.

Oppgåvene våre blir ikkje endra

Statsforvaltaren utfører ulike forvaltningsoppgåver på vegne av departementa. Statsforvaltaren kontrollerer også verksemda i kommunane og er klageinstans for mange kommunale vedtak. Statsforvaltaren har derfor fagkunnskap på ei rekkje overordna samfunnsområde, samtidig som vi sit på viktig lokalkunnskap.

Statsforvaltaren skal dessutan sørgje for rettstryggleiken for enkeltinnbyggjarar, verksemder og organisasjonar ved å sjå til at grunnleggjande prinsipp som likebehandling, likeverd, føreseielegheit, handlefridom, habilitet og rettferd blir sikra i forvaltninga.  

  • Statsforvaltaren er sektorstyresmakt på ei rekkje viktige politikkområde. Som sektorstyresmakt representerer Statsforvaltaren fleire departement og underliggjande direktorat og sentrale tilsyn.

  • Statsforvaltaren er rettstryggleiksstyresmakt som klageinstans for kommunale vedtak og som tilsynsstyresmakt på sentrale velferdsområde som kommunane forvaltar.

  • Statsforvaltaren er regional samordningsstyresmakt for staten. Statsforvaltaren skal blant anna samordne statlege verksemder og arbeidet deira mot kommunane.

  • Som regjeringa sin representant i fylket skal Statsforvaltaren arbeide på vegner av og ta initiativ som er til beste for fylket.

  • Statsforvaltaren skal halde sentrale styresmakter orienterte om viktige spørsmål i fylket og formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Statsforvaltaren har òg oppgåver for Kongehuset. Statsforvaltaren er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet.