Vi kan gi barn på flukt ei betre framtid!

I fjor kom 54 barn heilt åleine til Møre og Romsdal for å bu her. Korleis vi møter desse barna, seier mykje om oss som nasjon.
Kronikk av statsforvaltar Else-May Botten og underdirektør Kjersti Bakken
I ei verd prega av krig, konflikt og forfølging, er det mange barn som blir tvinga til å flykte – åleine. Dei er svært sårbare, og søker vern hos oss.
Kven er dei – og kvar kjem dei frå?
I fjor var det rundt 800 einslege mindreårige som blei busett i Noreg. Dei fleste kom frå krigsherja land som Syria og Afghanistan, men òg frå Eritrea, Sudan, Etiopia og Ukraina. Mange har opplevd traume, tap og lange, farlege reiser. Dei kjem hit med håp om tryggleik, utdanning og ei betre framtid.
Rettar og vern – kva seier lova?
Barn har særskilde rettar verna i Grunnlova og i FNs barnekonvensjon som er innlemma i norsk lov. Barnekonvensjonen krev at staten skal gi barn utan foreldre «særleg vern og bistand». Barn på flukt skal få same vern som andre barn utan omsorgspersonar.
Barn blir behandla ulikt
Når barn under 15 år kjem til Norge, får dei bu i omsorgssenter som er drive av barnevernet. Her er høg bemanning og barnefagleg kompetanse. Sentera skal sikre tryggleik, stabilitet og omsorg. Det er Bufetat som har overordna ansvar for dette tilbodet. I Møre og Romsdal har vi ingen slike senter.
Ungdom mellom 15 og 18 år bur som oftast i asylmottak for einslege mindreårige, som Utlendingsdirektoratet har ansvar for. I Møre og Romsdal har vi seks slike mottak. Dei ligg i Ulstein, Haram, Herøy, Sunndal, Ålesund og Rauma.
Desse mottaka har, på landsbasis, lågare bemanning og manglar ofte tilstrekkeleg barnefagleg kompetanse. Denne forskjellsbehandlinga mellom yngre og eldre barn er i strid med barnekonvensjonen.
Helsetilsynet har avdekt at mange mottak ikkje gir forsvarleg omsorg. For eksempel manglar mange barn ein fast vaksenperson som tar spesielt vare på dei.
Representantordninga – barnas juridiske støtte
Alle einslege mindreårige asylsøkjarar har krav på ein juridisk representant. Denne får dei av statsforvaltaren, som også skal følgje opp dei som får oppdraget.
Representantordninga skal gi barn som kjem aleine til Norge eit godt tryggleiksnett, og sikre at dei får den omsorga og rettstryggleiken dei har krav på.
Alle representantar skal ivareta barna sine interesser i asylprosessen og i andre viktige avgjerder. Dei skal også følgje opp skulegang, helse og kontakt med styresmaktene. For å vere representant må du kunne norsk språk, forstå samfunnet og vere personleg eigna.
Kommunen skal busette og følgje opp
Når barnet får opphald, er det kommunen som har ansvar for å finne bustad og å følgje opp barnet vidare. Kommunen skal vurdere barnets behov, eventuelt i samarbeid med barnevernstenesta.
Særskilt rett til vern og hjelp
Barn som kjem aleine til Noreg, og søkjer asyl her, har rett til tryggleik, omsorg og ei betre framtid. Noreg har både eit juridisk og moralsk ansvar for å sikre at desse barna får moglegheit til å leve gode liv.
Barna sine rettar sikrar rammene, og så er det vårt felles ansvar å gi barna omsorg og tryggleik.