No blir det enklare å klage på barnevernet

Liv Aasen er fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Ho er ei av dei som vil ta imot klagar frå barn som er i kontakt med barnevernet.
Liv Aasen er fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Ho er ei av dei som vil ta imot klagar frå barn som er i kontakt med barnevernet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena S. Sandvik.

Det har vore vanskeleg for barn og unge å finne ei enkel måte å klage på barnevernet på. No blir det enklare.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.06.2022

På Statsforvaltaren sin nye side, kan barn og ungdom sei ifrå på ei enkel måte gjennom eit skjema. Dei kan også få snakke med ansvarlege på barnevernsområdet hos Statsforvaltaren.

Mange ulike klagar

– Målet er at barn som er i kontakt med barnevernet skal få det betre. Det gjeld uansett om dei bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon, fortel Liv Aasen som er fagleiar for barnevernsområdet hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Barna kan klage på alt dei meiner ikkje er rett. 

– Tema kan vere veldig forskjellig, til dømes at dei ikkje blir høyrt av barnevernet, at familien deira ikkje får nok hjelp eller at dei ikkje har det bra i fosterheimen eller på institusjonen der dei bur, seier Liv Aasen.

Sei ifrå!

Barn som er i kontakt med barnevernet skal alltid kunne få snakke med sin kontaktperson der.

– Samstundes veit vi at det nokre gonger kan vere vanskeleg å seie ifrå. Då kan barna ta kontakt med oss som jobbar hjå Statsforvaltaren. Dei kan også klage sjølv om dei har fylt 18 år, seier Aasen. 

Ho fortel at Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin.

– Den viktigaste oppgåva vår er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan barna klage til oss.

Gir råd og rettleiing

Statsforvaltaren gir råd til alle som tek kontakt: barn, ungdom, besteforeldre, foreldre, fosterforeldre, barnevernsteneste og barnevernsinstitusjonar.

– Om nokon er uroleg for eit barn eller ein ungdom som ikkje har det bra i møte med barnevernet og ønskjer råd og hjelp hos oss, kan de ta kontakt med oss, seier Aasen.

I nokre saker kan Statsforvaltaren bestemme at barnevernstenesta eller institusjonen skal gjere ting annleis, eller tilby barna ein annan type hjelp. Statsforvaltaren kan også få barnevernet til å rette opp i tenesta si, dersom dei ikkje har følgt reglane.