7 millionar kroner i ekstra skjønnsmidlar
Fylkesmannen har fordelt 7 millionar kroner mellom kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Stordal, Haram, Nesset, Midsund, Eide og Gjemnes.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.07.2015
I revidert nasjonalbudsjett ble det løyvd 7 millionar kroner i skjønnsmidlar til kommunar i Møre og romsdal som fekk nedgang i skjønnsmidlar knytt til kompensasjon for tidlegare auking i arbeidsgivaravgifta. Fylkesmannen har no tildelt midlane.
Tabellen under viser tildelinga på kommunenivå. Tala er i 1 000 kroner.
| Kommune | Tildelt beløp |
| Vanylven | 1 669 |
| Sande | 1 248 |
| Herøy | 767 |
| Stordal | 399 |
| Haram | 808 |
| Nesset | 1 306 |
| Midsund | 216 |
| Eide | 322 |
| Gjemnes | 265 |
(Kartet over viser arbeidsgivaravgiftssonene i Møre og Romsdal.)