Når forventningane til verja blir for store
Ei verje er ikkje ein ekstra offentleg ressurs, ein ven eller ein personleg assistent. Misforståtte oppfatningar gir uklare forventningar til eit verjemål.
Offentlege instansar kan ønske seg ei verje som ein brubyggjar som «gjer litt ekstra». Pårørande kan forvente at verja bidreg både praktisk og sosialt der dei sjølve ikkje strekk til. Slike forventningar til ei verje samsvarer ikkje med reglane i verjemålslova. For lova set tydelege grenser.
Verja skal representere personen, formidle det personen sjølv ønsker og ta vare på interessene til personen.
Statsforvaltaren ser ofte at både offentleg tilsette og private aktørar forventar meir. Det er uheldig, ikkje berre for verjene, men for rettstryggleiken og sjølvbestemmingsretten til dei som har verje.
Kva er eigentleg eit verjemål?
Verjemål er eit frivillig støttetiltak for personar som ikkje fullt ut er i stand til å ta vare på eigne interesser, anten varig eller mellombels.
Formålet er ikkje å ta kontroll, men å sikre at personen får støtte til sjølvbestemming på lik linje med alle andre. Verjemål handlar altså om å støtte den enkelte i å få eigen vilje høyrd og eigne interesser ivaretekne.
Rolla til verja
Verjemålet opererer innanfor eit gitt mandat. Det kan vere avgrensa til økonomi, bestemte rettslege forhold eller konkrete oppgåver. Ut over dette har verja ikkje høve til å handle.
Å kjøpe daglegvarer, rydde bustad, følgje til lege eller vere ein ven eller personleg assistent vil aldri inngå i eit mandat.
Den som har verje skal få ytre meininga si før verja gjer noko som helst. Meininga treng ikkje verke fornuftig for andre. Dette er særleg viktig i møte med personar med mellom anna demensdiagnose, psykisk utviklingshemming og psykiske lidingar. Her kan omgivnadene raskt falle for freistinga til å definere kva som er «best».
Verja skal formidle og handle etter ønska til personen i administrativt arbeid og i dialog med offentlege instansar. Utover dette ligg ansvaret hos kommune, tenesteapparat og pårørande. Når fleire forventningar blir lagde på verja, blir verjemålet brukt som ei avlastingsordning for andre instansar. Dette er ikkje berre feil, men undergrev òg heile ordninga.
Når viljen ikkje er tydeleg
Nokre personar har ikkje høve til å uttrykke ei klar meining til verja si. I slike tilfelle må verja handle ut frå ei tolking av viljen og preferansane til personen. Dette kan innebere å vurdere tidlegare utsegner, livshistorie, verdiar og vanar.
I denne prosessen kan det vere relevant å snakke med menneske som kjenner personen godt. Her må likevel verja vere medviten om at det er den antatte viljen til personen som skal leggast til avgjerande vekt, og ikkje ønska til dei pårørande.
Verken meir eller mindre
Verja skal ikkje avlaste kommunen eller ta over ansvaret til dei pårørande. Verja skal tale saka til personen, også når dette strir mot det andre meiner er klokt eller rett.
Dette er kjernen i verjemålet. Ikkje meir, men heller ikkje mindre.