Verjemålstelefonen får nye opningstider
Verjemålstelefonen vil vere open på måndagar og torsdagar frå klokka 12.00-14.00.
Publisert 16.05.2025
Årsaka til redusert opetid på telefonen, er at verjemålseksjonen opplever stor auke i saksmengda. Vi ønsker å svare ut sakene raskare, og vil derfor prioritere saksbehandling høgare.
Vi oppfordrar deg til å bruke «Sikker melding til Statsforvalteren». Denne tenesta er kryptert og meldinga kjem rett inn i saksbehandlingssystemet vårt.
Henvendingar som ikkje inneheld sensitiv informasjon kan de sende på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no. Husk å ta med saksnummer. Då er det lettare for oss å finne fram til saka di. NB: Ikkje send personopplysningar på e-post!