Havila Subsea får ære for redningsdåd til sjøs

Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, CTO Sven Rune Smådal, CEO Njål Sævik, kaptein Inge Eriksen, Marit Eriksen og COO Runar Smådal.
Frå venstre: Statsforvaltar Else-May Norderhus, CTO Sven Rune Smådal, CEO Njål Sævik, kaptein Inge Eriksen, Marit Eriksen og COO Runar Smådal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal / Lena Skattum Sandvik.

I dag vart diplom og plakett for redningsdåd til sjøs overrekt til Havila Subsea. Tildelinga får dei fordi dei redda ein av mannskapet på «Heiko» utanfor Askvoll i september 2018.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.12.2022

På Molde Fjordhotell var det statsforvaltar Else-May Norderhus som i dag overrekte diploma på vegner av sjøfartsdirektoratet. Diploma har teksten:

«Det kongelige nærings- og fiskeridepartementet har 31. januar 2021 tildelt Havila Subsea plaketten for redningsdåd til sjøs for sin innsats ved redning av en av mannskapet på «Heiko» utenfor Askvoll 20. september 2018.»

Diploma er signert av statsråd Iselin Nybø og fungerande sjøfartsdirektør Lars Alvestad 08. mars 2021.   

Mayday frå Heiko

Det var i september i 2018 at mayday-signalet gjekk frå lasteskipet Heiko utanfor Askvoll. Dei dreiv snart på grunn og styrhuset stod i full fyr. Framme på baugen stod fire mann i eit forrykande uver. Det bles orkan.

Havila Subsea kom fram til havaristen etter om lag 40 minutt. Dei sette mann-over-bord-båten, mob-båten, på vatnet. Veret gjorde at det også var usikkert om redningshelikopteret kunne klare å berge mannskapet.

Kaptein på Havila Subsea, Inge Eriksen, fortel at det var ei tøff avgjerd å sende ut mob-båten.

– Men, det sto om fire menneskeliv og vi var villige til å strekke oss langt. Samtidig var det klar melding til dei som skulle ut at om dei var i den minste tvil, så skulle dei seie nei. Og var dei i tvil når dei var utpå, så skulle dei avbryte.

Tøft møte med sjøen

Mob-båten fekk om bord ein mann frå Heiko før det vart klart at redningshelikopteret greidde å hente opp dei andre. Mannen kom om bord i Havila Subsea, uskadd. Men, han var førstereisgut og hadde fått eit tøft møte med sjølivet.

Inge Eriksen gir ros både til karane han hadde ute i mob-båten og dei på brua.

– Dei som var ute i mob-båten var godt drilla og hadde godt utstyr. Dei sto i vatn om bord i båten og det dei gjorde under dei tøffe forholda, står det stor respekt av. Det same gjeld innsatsen til styrmann og losen som var på brua. Kommunikasjonen gjekk knirkefritt med Redningssentralen og mob-båten.