Uttak frå kapitalkonto før sommarferien

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har inntil 3 vekes sakshandsamingstid på søknader om uttak av pengar frå kapitalkonto som vert forvalte av oss.

Sist endra 06.02.2024

I samband med sommarferieavvikling og lite folk på arbeid i juli, er det viktig at søknader om uttak av pengar vert sendt inn i god tid slik at ein skal være sikkert på å få pengar overført før ferien.

 

For å korte ned sakshandsamingstida bør du som verje søke digitalt via Altinn, gjennom www.vergemal.no under «skjema». Hugs også på at verjehavar (over 12 år) skal samtykke til uttak frå kapitalkonto. Eit skriftleg samtykke kan skrivast ned på eige ark, lastas opp på datamaskina, og leggast ved søknaden. I dei tilfelle der det ikkje er mogeleg for verjehavar å gje eit samtykke til uttaket, må du skrive årsaka til dette i søknaden.  

Kontaktpersonar