Klage på karakter i grunnskulen

Alle elevar kan klage på standpunktkarakterar og på vedtak om å ikkje setje standpunktkarakter. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.06.2021

Skulen skal informere elevar og foreldre

Skulen skal informere elevar og foreldre om høvet til å klage, klagefristen og kva klagen skal innehalde. Innanfor klagefristen kan eleven krevje grunngiving for karakterar i fag eller orden og åtferd, og krevje grunngiving dersom det ikkje blir fastsett standpunktkarakter.

Klagefrist

Fristen for å klage er 10 dagar, frå melding om vedtaket er komme fram til den som har klagerett, eller den som har klagerett burde ha gjort seg kjent med vedtaket. Fristen blir avbroten når den som har klagerett ber om grunngiving for vedtaket, og ny frist gjeld frå grunngivinga er motteken.

Eleven sender klagen til skulen

Elevar under 15 år må ha skriftleg samtykke frå føresette for å klage. Klagen må vere skriftleg og vere underskriven av klagaren eller ein med fullmakt. Klagen skal sendast til skulen, og skulen sender klagen til Statsforvaltaren, med kopi til klagaren.

Skulen sender klagen til Statsforvaltaren

Vi ber rektor sende inn klager via digitalt skjema. Du som klagar skal ikkje bruke dette skjemaet, du skal sende klagen din til skulen. Det digitale skjemaet er det berre skulen som skal bruke, når skulen sender klagen til Statsforvaltaren.

Digitalt skjema til bruk for skular som skal sende klager til Statsforvaltaren.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.