Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Vi har fått nytt namn

Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen. Det er framleis slik at institusjonen og personen har same namn.

Publisert 02.01.2021

Fylkesmannen vart til statsforvaltaren etter at regjeringa i fjor gjorde vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal bytast ut med kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn blir vidareført.

Statsforvaltarane har ansvar for å følgja opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Dei har også ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, samordnar mellom sektorane og rettstryggleiksinstans overfor innbyggjarane.

Valgerd Svarstad Haugland, som er statsforvaltar i Oslo og Viken, og dessutan ansvarleg redaktør for statsforvaltaren.no ser både fordelar og ulemper med det nye namnet.

– Det er kjønnsnøytralt og det kan ikkje forvekslast med fylkeskommunen.  Ulempa er at det er ulik tittel på nynorsk og bokmål, seier Valgerd Svarstad Haugland.

Historia om fylkesmennene starta i 1160 med lendmenn og årmenn. I 1662 kom den første amtmannsinstruksen, men meir enn to hundre år seinare var det duka for eit nytt namneskifte. I 1918 vedtok Stortinget at i staden for nemninga «amtmand» skulle tittelen vere «fylkesmand» og ikkje «jarl» som departementet hadde føreslått. 

– Oppgåvene våre er viktige for folk flest. Å sikra rettstryggleik, å mekla, å ta vare på dyrka mark og miljø, å vera klageinstans, å vera bindeledd mellom stat og kommune – alt dette og meir til er viktig for mange innbyggjarar, seier statsforvaltar Valgerd Svarstad Haugland.

For deg som vil lese meir om historia om statsforvaltarane.